Hotellet har opna

I helga har me starta vår eigen Airbnb heime! Små gjester er velkomne til å sjekke inn på hotellet vårt. Romma er særs små, men til gjengjeld kan me skilte med trygge omgjevnadar og mykje sol i ein lun krok.

DSC_0899

Eit humlehotell er ein skikkeleg fin ting å ha i hagen. Det gir ein kunstig buplass for humlene som treng litt ekstra vern og omtanke om dagen. Det er mange fine rundt om på hagesentra (dette fekk eg i bursdagsgåve i fjor), men ein kan også bygge eit sjølv! Her og her er ein veldig fin guide til det.

Plasser det på ein lun og solrik plass, så skal du sjå at du får gjester etterkvart!

DSC_0895

Me bur i eit vindfullt område med lite vegetasjon, så eg er litt spent på prosjektet. Kanskje er det ikkje lunt nok, kanskje er det enn så lenge for få planter til at humlene trivst, -men humlehotellet er uansett ein god start.

Les også: Her er den nye hagetrenden (NRK Livsstil)

Ha ein strålande søndag! Me skal ut i sola og forhåpentlegvis bli der til det er kveldsmat. Me må nyte medan me kan! 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s