Lågterskel kjøkenhage

DSC_0890

I helga hadde me eit lite planteprosjekt på gong. Eg kom over ei pakke med gjer-det-sjølv-kjøkenurter på hagesenteret. I pakka var tre minipotter, jord og økologiske frø til ulike krydderurter. Alt ein treng utanom vatn.

Det var eit passe prosjekt for toåringen, -og det beste av alt: allereie etter nokre dagar byrja det å spire! No fylgjer me spent med frå dag til dag. Per no leier persillen, men basilikumen fylgjer hakk i hel!

DSC_0882
DSC_0923 I den store potta har me planta ein avocadostein. Spenninga er til å ta og føle på!

DSC_0930

Om ein ikkje har tid, plass eller lyst til å byrje med dei store planteprosjekta, finst det fleire slike pakkar med alt du treng på hagesentera. Lite nok til at hagearbeidet er gjort i ein fei, -men med avling nok til å gi ein liten smakshøydare i kvardagen!

2 thoughts on “Lågterskel kjøkenhage

  1. Så lurt! Mamma har grønne fingre, så hver vår sådde vi og på sommeren hadde vi mer blomster enn de fleste andre. I perioder hadde vi også jordbær, ertebukker og gulrøtter. Det var veldig koselig og jeg kjenner at interessen sakte, men sikkert har kommet til meg også. Dessverre har jeg oppdaget at ikke grønne fingre går direkte i arv, jeg må visst øve meg fram! 😉

    1. Hehehe, der kjenner eg meg igjen!

      Eg har ei mor som har grøne fingrar og alltid har hatt stor interesse for blomar, drivhus og åker. Likevel er eg ein nybyrjar til dei grader, -og eg er ikkje ei like tålmodig sjel. Difor er det supert at ein kan starte i det små med urter i kjøkenglaset og kanskje ein pallekarm eller to, -så kan ein utvide etterkvart som interessa og kunnskapen auker på. 😉 Ha ein strålande dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s