Ei utdeling!

I samarbeid med Agent M.

DSC_0002

Eg set utruleg pris på alle som kikar innom Notisboka. Det er veldig artig å få tilbakemelding frå dykk i kommentarfeltet eller på Facebook om tema eg tek opp. Det er tydeleg at miljø er noko folk vil lese meir om!

Då me har runda 100 fylgjarar på Facebook, har eg lyst til å markere det på eit vis.

Eg har vore så heldig å få dele ut to veldig fine ting frå ein av mine favorittbutikkar på nett; Agent M. Dette er ein av Noregs største livsstilsbutikkar på nett som tek sikte på å bidra til ein meir bærekraftig kvardag. Her finn ein i hovudsak alternativ til plast. Då den aukande bruken av plast er eit miljøproblem, sel nettbutikken mellom anna drikkeflasker, koppar, og anna dekketøy i glas og bambus, -i tillegg til økologisk hudpleie. Her finn ein utruleg mykje fint og nyttig.

I tillegg er Agent M ei inspirerande gründerhistorie for oss som held til i distrikta. Eg  trudde lenge at nettbutikken vart dreve i frå Oslo, -men butikken held tvert i mot til i vesle Hatlestrand i Hardanger! Her i frå driftar eigaren Monica Flagtvedt den populære nettbutikken på eiga hand. Med internett og postgong, kan ein skape mange spanande bedrifter på bygda. Slike gründerhistoriar kan ikkje delast for ofte, -og forhåpentlegvis kan dei inspirere andre som sit med ein god idè.

For å feire 100 fylgjarar deler eg ut ei Flip Cap-drikkeflaske i verdens finaste grønfarge frå LifeFactory og ein takeaway-kopp frå Joco. Begge deler er i glas, med vernande silikon rundt slik at dei tåler ein liten trøkk.

For å vere med i tevlinga, legg du igjen ein kommentar til innlegget kor du skriv om noko som har vore mat for sjela for deg i veka som har gått. Kanskje var det dei første påskeliljene, ein fin låt, is på ein parkbenk, en artig YouTube-video eller noko interessant du har lese. Kort og godt mat for sjela! Eg trekk ein tilfeldig vinnar på kvelden, tysdag  10. mai. 

Klem frå Inga

11 thoughts on “Ei utdeling!

  1. Mat for sjela for meg denne uka var da familien våknet til fuglekvitter utenfor vinduet og eldstemann på 6,5 utbrøt: så nydelig å våkne til at fuglene kvitrer! Det var flott det❤️

  2. Dette diktet!

    Vårvisa

    I vårtid, i groddtid,
    då brister frönas skal,
    och råg blir råg och tall blir tall
    i frihet utan val.

    En ilning av vällust
    går genom själ och kropp —
    att jag är jag, nödvändigt jag —
    en brodd, som hittat opp,

    ett vårskott, vars växtkraft
    jag knappast anar än —
    men stammens sav med bitter smak
    med lust jag känner den.

    Så bort, all min feghet!
    Jag hör min framtid till.
    Jag tar mig rätt att växa nu
    som rotens krafter vill.

    (Karin Boye)

  3. Å jogge rundt Litledalsvatnet i vårsola, medan bjørka endeleg grønkar, saman med fantastisk trivelig samtale- og joggepartner 🙂

  4. Å sniffe på solkremen, med gåsehud som resultat fordi den lukta minne oss på alt det gode som følger med:)

  5. Litt for seint ute til å vera med i konkurransen kanskje, men her er mi Mat for sjela:
    Årets første softis!
    Trilletur i strålande sol iført shorts og t-skjorte.
    Henge klesvasken til tørk på terassen og kunne brette den saman knappe to timar seinare.
    Årets første tur til sommarhytta i Åkrafjorden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s