Vårleg gullfunn på Finn

DSC_0024

«Finjoggeskoa» mine var bokstaveleg utsletne då både ei og to tær kunne kike ut av skoen. Dei gjekk difor av med pensjon og har no slutta seg til maletøyet sine rekker. Det var difor behov for nye joggisar då det er det eg bur i no i barselpermisjonen.

Som det etterkvart har blitt, var Finn første leitestaden. Eit lite søk og Vipps var både nye sko funne og pengar oveført til seljaren i Ålesund. Ho hadde gjort eit bomkjøp og skoa var så og sei ikkje brukt. Dei er herleg burgunderfarga og skikkeleg gode å gå med. Same om det er vandring gatelangs i Oslo eller trilleturar på tunet på Rygg. Joho!

Brukt er bra og eit smart bidrag til miljøet. Då det i tillegg er utruleg mykje pent brukt (eller heilt urørt) som ligg ute, kan ein gjere gode, grøne kupp. Som dei seier, ein person sin gråstein er ein annan person sitt gull!

DSC_0022
I arva jeans og Finn-sko. Nøgd som berre det.

Eit lurt tips er å google korleis størrelsane til merket er, eller spørje seljaren. Då er det større sjans for at du sikrar deg noko som faktisk passar. Om du er på jakt etter konkrete merke eller modellar, er det også lurt å lagre autosøk på Finn, så får du tilsendt alle nye annonser. Då slepp du å gå inn og saumfare nettsidene kvar dag.

Eg kjøper stadig saker eg treng på Finn. Kanskje eg skal bli flinkare til å poste innlegg om det eg kjøper? Kva seier de? 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s