Easyfiks

Sponsa samarbeid med Easyfiks

DSC_1144

I Naturvernforbundet sin kampanje «Ta vare på det du har», er det lett å tenke på dei tradisjonelle handverkarane som skomakar, syarar og sykkelreperatørar. Men, tida går fort og me får stadig nye behov i tillegg til dei gamle. Det har haugesundsbedrifta EasyFiks tatt på alvor. Dei reparerer tinga våre som kanskje er mest i bruk gjennom ein dag, -nemleg dei teknologiske duppedittane våre.

DSC_1148
Eg med Thomas Garvik (Branch Manager) og Tommy Vika (innkjøpssjef). Dyktige folk!

Eg har ikkje tal på kor mange mobiltelefonar eg har eigd sidan eg fekk min første mobil. Ofte har eg kjøpt ny, då eg har tenkt at den knuste skjermen eller annan skade på mobilen ikkje let seg fikse. Der har eg tatt grundig feil. Visste du til dømes at ein ikkje berre kan fikse skjermen på ein iPhone, -men også byte batteriet, høgtalarane eller kameraet? I tillegg kan ein få sjekke opp i nettverkstrøbbel, unormalt høg batteribruk eller få reparert andre skader i maskineriet.

DSC_1147

EasyFiks tek sikte på å reparere det meste på smarttelefonar, nettbrett og pcar. Det er tydeleg at dei har truffe eit behov blant folk flest. Frå å starte som eit enkeltmannsforetak i januar 2013, har firmaet på tre år vakse til å bli eit konsern med mange tilsette, verkstad og ekspresskioskar på ulike kjøpesenter på Sør-Vestlandet. Her kan folk komme innom og levere frå seg til dømes ein knust mobilskjerm, og hente ein reparert mobiltelefon berre ein time etter. Så enkelt og genialt!

DSC_1146

Å bidra til miljøet og gjenbruk er nokre av drivkreftene bak bedrifta. I tillegg til å reparere det folk har, har dei resirkuleringsordningar, kjøper inn defekte telefonar og nettbrett og sel brukte telefonar og nettbrett som dei har fiksa opp. Elles tilbyr bedrifta også kurs, datahjelp, recovery av harddisk med meir.

DSC_1155

Det er beint fram kjekt å høyre gründerhistoriar som også gagnar miljøet og bidrar til at me kan forlenge livet til tinga våre. At bedrifta i tillegg kjem frå Haugesund, er ganske enkelt stas.

I samarbeid med Easyfiks, får eg gi ut 15% rabatt på alle reparasjonar om de oppgir koden «notisboka» under bestilling. Rabattkoden varer til 13. juli og kan nyttast i alle ekspresskioskane, på hovudkontoret på Raglamyr, -eller du kan sende det du vil ha reparert per post.

Har du ein knust mobilskjerm eller eit nettbrett som jukser litt, og du lurer på å kjøpe nytt for skattepengane? Reparer heller det du allereie har! Det er bra for deg, -og det er bra for miljøet! 

One thought on “Easyfiks

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s