Grøn husvask

DSC_0255

Eg fekk eit spørsmål om eg kan skrive om reingjering av hus, -og det kan eg sjølvsagt gjere! Dei siste ti åra har eg stort sett berre reingjort i huset med mikrofiberklutar og vatn. Eg er ikkje så veldig glad i lukta frå reingjeringssprayar og andre vaskemiddel, -og då er det supert at ein rett og slett kan droppe dei! Det har både kroppen og miljøet godt av.

Det er godt dokumentert at bruk av mikrofiberklut reingjer minst like godt som vaskemiddel. Mikrofiberkluten sliper rett og slett av skit og smuss med fibra. Ein treng ikkje såpe, -og som oftast heller ikkje vatn. Hovudregelen er at ein nyttar tørr klut på tørr skit og smuss, medan ein brukar våt klut på vanskelegare flekkar. Eg nyttar litt reingjeringsmiddel når eg vaskar toaletta, -men elles saknar eg ikkje noko såpe.

DSC_0256

Om ein har parkett, fekk eg eit genialt tips frå parkettmannen vår då me flytta inn i nytt hus; eit parkettgolv skal vaskast langt sjeldnare enn ein trur. For mykje bruk av vatn når ein vaskar parkett, fører til at den fortare falmar og vert stygg. I staden bør ein ta flekkane med ein mikrofiberklut med litt vatn på, -eller vaske heile golvet med ei godt oppvridd mikrofiberfille ein sjeldnare gong. Filla skal vere så oppvridd at fukten som ligg igjen på parketten når ein har dratt over, skal tørke på rundt eit minutt.

Eg blir veldig veldig glad når eg får slike råd. Brått vart den litt for sjeldne golvvaskinga vår sett i eit mykje betre lys!

Samstundes kan det vere greit å ta med seg at enkelte mikrofiberklutar kan innehalde sølv som kan vere miljøskadeleg. For å vere på den sikre sida, kan ein då kjøpe Svanemerka mikrofiberklutar som dei på bileta. Desse er kjøpt på Clas Ohlson.

Meir lesnad om grøn reingjering med mikrofiber, finn de her:

Ha ein fin kveld!

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s