Mat for sjela

13403373_10157091484915145_4492542028174593638_o
Amming og familiebursdag under epletrea. Slike dagar sit lenge i.

Det har vore mykje fin mat for sjela i det siste. Eg byrja å jobbe igjen for nokre veker sidan og det var veldig kjekt. Første dagen sette eg meg ned med ein pc, drakk ein kopp kaffi i ro og mak medan eg las ein fagartikkel og tenkte: TENK at eg får betalt for dette!! Meir skal ikkje til for å lage luksuskjensle for meg om dagen.

No er det avspasering og somarferie, -og sjølv om eg ikkje kjenner at eg heilt har gjort meg fortent til avspaseringa dette året, skal det likevel nytast då heile familien har ein sjeldant lang ferie saman. Første stopp er Valdres, og me kom hit i kveld. Klokka er halv elleve men det er framleis ljost ute og heilt stilt. Heilt nydeleg!

Her er litt meir mat for sjela frå dei siste vekene:

  • Bags and Bites. Mi kjære sørlandske svigerinne og min kjære italienske svoger har starta opp ein blogg som kombinerer reisestoff med mat. Dei er stadig vekk på farten og er over gjennomsnittet interesserte i mat. Når eg då til tider får wanderlust og det ikkje heilt passar inn i timeplanen mellom barnehagehenting og fiskepinnemiddag, døyver dei reisesaknet med nydelege bilete og skildringar ein får vatn i munnen av.
  • å fylle 30. Det var reint stas å gå inn i treveåringane sine rekker og då dagen vart feira under epletrea på Rygg, kunne det ikkje vore meir idyllisk å bli eldre. Tredveåra altså. Eg likar dei!
  • ein baby som blir så begeistra når eg kjem heim frå jobb, at ho auser ut våte kyss (les: prøver å ete meg opp) og held så hardt ho kan med dei små fingrane i kinna mine.
  • norske jordbær. Så ofte som mogleg.
  • Eats, Shoots & Leaves: The Zero Tolerance Approach to Punctuation av Lynne Truss. -Ei sakprosabok om korrekt teiknsetting i engelsk. Høyres det frykteleg keisamt ut? Tru igjen! Denne boka fekk meg til å le så eg grynta.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s