Brukt gåve til tredveårsdagen

DSC_0449

Utanom den fantastiske vinterjakka mi (også eit bruktkupp), som eg budde i i permisjon denne vinteren, har eg hatt nok ei yndlingsjakke det siste året. Haugesundsjakka, som eg likar å kalle den, har vore genial til ruskeveret me har her i byen. Det er ei oilskinjakke som tåler vind og regn. Eg har trava rundt i den med ein gong det har blitt for vamt for vinterjakka. Det er berre eit problem. Det er ikkje mi jakke.

Jakka er mannen si, -og sjølv om den har vore for stor, har ikkje det hindra meg noko i å stjele den så ofte eg kan.

DSC_0450

Enten så var det eit tydeleg hint om å slutte å tjuvlåne kleda hans, eller så er han ein omtenksom type (fasit: begge deler). Eg fekk nemleg pengar billetmerka ei slik jakke til meg sjølv til bursdagen. Det var fulltreffar.

Givaren hadde nok sett for seg at eg skulle kjøpe ei ny jakke, men eg kunne ikkje la vere å sjekke favorittnettbutikken min: Finn.no. Der viste det seg at ei jente i Kristiansand ville selje Haugesundsjakka si, -pent brukt og i min størrelse! Etter eit par dagar låg den i postkassa og eg er utruleg nøgd. Brukte gåver er minst like stas som nye! -Både for meg, og for miljøet.

Me er framleis på ferie i vakre Valdres. I dag har det regna, men me fekk lagt inn eit besøk til ein ordentleg fin trekonstruksjon som eg skal vise dykk seinare. Vakker og praktisk! Elles haldt me oss innandørs og bakte kjeks for å døyve forkjølelse, regnvêr og ikkje minst; Brexiten. Hjelpes meg. Kor skal dette ende? 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s