Kortreist bygg

DSC_0389

I Vang i Valdres er det kome ein ny spanande attraksjon. Leikegøta er eit bygg teikna og sett opp av arkitektstudentar frå NTNU. Leikegøta er eit av to småskala byggeprosjekt i bygda, som studentane har stått for.

DSC_0405

I tillegg til å konstruere spanande bruksbygg som skal vere tilgjengelege for alle, er ein del av oppgåva å vise at ein kan bygge miljøvenleg med kortreiste materiale. Begge bygga er difor sett opp med tremateriale og skifer som er frå lokalmiljøet. Slik held ein Co2-rekneskapen nede.

Leikegøta er ein kombinasjon av leikeapparat og utsiktspunkt. I tillegg er det bålplass i tilknyting til bygget, slik at både barnehagar, turistar, bygdefolk og andre kan bruke bygget på ulike vis.

DSC_0381DSC_0397DSC_0416 DSC_0417 DSC_0411 DSC_0412 DSC_0413 DSC_0410 DSC_0385 DSC_0383 DSC_0390

Arkitektstudiet ved NTNU har eit samarbeid med Vang og bygget er eit resultat av eit av kursa på masternivå. I fjor bygde studentane ei badstu ved Vangsmjøsa som er konstruert etter den same ideen om kortreiste bygg. Eg anbefaler å kike på bileta i lenka over. Badstua er noko for seg sjølv.

Det blir spanande å sjå om fleire slike bygg dukkar opp i Vang framover! Vakkert, miljøvenleg og brukarvenleg. Betre kan det ikkje bli!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s