Grøn somarlektyre

DSC_0494 kopi

No gler eg meg til å komme til Sørlandet om ei veke. Der finn eg skikkeleg roen og får alltid lest mykje. Det er eit stort sakn i kvardagen akkurat no! Budda med bøker eg gler meg til å lese er blitt ganske så høg, men eg skal velje meg ut nokre godbitar som skal med i bagasjen. Mellom anna held eg på med Skal landet gro att? Korleis redde norsk landbruk, av Siri Helle. Boka byr på interessant lesnad om norsk matproduksjon og landbrukspolitikk. Den kan anbefalast på det sterkaste!

Elles dumpa også The Invention of Nature. The Adventures of Alexander von Humboldt. The Lost Hereo of Science, av Andrea Wulf, nett ned i postkassa. Den gler eg meg verkeleg til å lese!

I tillegg tipsa ei venninne meg om Kamille som er i sal akkurat no. Dei har eit grønt ferienummer som er spekka med kjekt stoff. Artiklar om folk som lever ein grønare kvardag, moteartiklar med bærekraftige klede og andre tips og triks. Dette var utruleg artig å lese, og Kamille viser at bærekraftig absolutt ikkje er synonymt med grått og keisamt. Hurra! Eg håpar på meir slikt i bladhyllene framover.

DSC_0499

P.S. Om du er ute etter fleire mote- og livsstilsblad som inneheld eit fokus på miljø, vil eg anbefale magasinet Stella. Dei har eit kontinuerleg grønt fokus og kombinerer dette med godt og inspirerande stoff. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s