Ferieførebuingar på biblioteket

DSC_0620 kopi

I dag reiser me på ferie og skal vere borte i mange veker. Huset står på hovudet, ikkje ein einaste sokk har par og avisa har me heilt gløymt å kansellere. Alt er med andre ord som normalt. Ein ting er likevel i boks. Me har vore på biblioteket og lånt ferielektyre!

DSC_0609 kopi

Å låne bøker i staden for å kjøpe, er både miljøvenleg og bra. I tillegg er det så innmari koseleg å besøke biblioteka. Me har fått fast tradisjon med å stikke innom Etne bibliotek når me er der i helgene. Det er akkurat passe stort, oversiktleg og ikkje minst kan ein kjøpe risengrynsgraut på laurdagar i kafeen rett utanføre. Det er midt i blinken.

No i veka var me innom og lånte ferielektyre. Eldstemann falt for dei gedigne Vrimlebøkene. Litt upraktiske å pakke med i bagasjen, men ei eller to skal nok få bli med. Vrimlebøkene er forresten utruleg fine. Dei er utan tekst, men med store, detaljrike bilete som gir mykje å snakke om. Midt i blinken for dei minste!

DSC_0624 kopi

No ventar nokre timar med kaoskontroll. Måtte mor få nok kaffikoppar og ha blodsukkeret i balanse! Hehe..

2 thoughts on “Ferieførebuingar på biblioteket

    1. Ja, desse bøkene har eg blitt vedig begeistra for! Dei er så uendeleg fine, og det er så mykje å prate om. Ferien er godt i gong og den er veldig fin. Ynskjer deg også strålande veker!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s