Somarleg bruktkupp

DSC_0628

Uteplassen vår har blitt kraftig nedprioritert sidan me flytta inn. Alt til si tid som det heiter, og det er litt for mange punkt på programmet. Likevel har det komt på plass nokre fine utemøbler som me kjøpte brukt. Ikkje på Finn.no, -men via god gamaldags avisannonse i lokalavisa.

Er du ute etter noko spesifikt og kunne tenkje deg å ha det i hende raskt, er dette eit gulltips. Me søkte etter spisebord i teak/hard wood med seks stolar og vart oppringt av heile tre personar same dag. Å kjøpe nye teakmøblar er ikkje topp for miljøet, men å kjøpe brukt meiner eg er innaføre.

Då me skulle komme å hente møblane, fekk me på toppen av det heile ein solstol med på kjøpet! Alt var i kjempefin stand og pent brukt. No gler eg meg til å få meir grønt på terrassen ein vakker dag. Nokre store krukker med urter og jordbær hadde vore stas. Enn så lenge snik me oss til ei lita kvileøkt i solstolen når sola glimtar til i Haugesund. Det gjer godt det!

Akkurat no sit eg på toget mellom Kristiansand og Oslo. Tog er favorittreisemåten min. Tenk om me kunne fått ein Haukelibane! Det hadde vore gildt det. Målet for turen er lanseringa av eit skikkeleg fint initiativ i Oslo. Eg gler meg, -så følg med!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s