Sunn fornuft-plakaten

13613228_1659757641013917_8525831001231059736_o

I 2006 då eg gjekk ut av vidaregåande, var bloggfenomenet framleis ungt i Noreg. Det var ei handfull kjende bloggarar, som stort sett dreiv uskuldeg rapportering frå jenterommet. Instagram, sponsorar, retusjeringsverkty og hashtaggar som #fitspiration og #cleaneating var milevis unna. Straumlinjeforma og retusjerte idealkroppar såg me berre i motereportasjar og på reklameplakatane i klesbutikkane. Det var modellar som var langt unna vår verd.

I dag har bloggfenomenet eksplodert, blitt profesjonalisert og bloggarane er dei dei nye rollemodellane. Via Snapchat, Instagram og blogg får me hjå mange full tilgong til treningsprogram, kosthald, størrelse på matporsjonar, klesplagg og produkt personen brukar for å sjå ut slik han eller ho gjer. Me ser ikkje lenger berre idealkroppen på eit enkelt bilete, men bygger nærast opp ein relasjon til mennesket bak. Det bloggaren deler via sosiale medie, kan fort tolkast som ”ei oppskrift” på korleis ein kan bli og ikkje minst sjå ut som personen bak. Dette utstyrer bloggarar med ei enorm påverknadskraft som igjen fører med seg eit stort ansvar.

Sunn fornuft 4

Fram til no har bloggsfæra vore upløyd mark når det kjem til retningslinjer. Medan resten av media er tilknytta Vær varsom-plakaten, har bloggarar stort sett kunne ytre seg om kva dei vil, når dei vil. Det kan vere utfordrande, -særskilt når ein uttalar seg om sensitive tema som mat, kropp, trening og helse.

Difor vart eg så glad då eg vart kontakta av redaktør i Kvinneguiden, Susanne Kaluza, for ei tid tilbake! Ho lurte på om eg ville vere med å støtte Sunn fornuft-plakaten. Plakaten er ei samling retningslinjer for bloggarar og andre publisistar når dei skal skrive om mat, trening, kropp og helse. Plakaten er eit samarbeid mellom Kvinneguiden, Adlink/Aller, Bonnier, United Influencers og psykiatar Finn Skårderud. Målet med retningslinene, er å bevisstgjere bloggarar om deira rolle og påverknadskraft på lesarane sine når det kjem til kroppsbilete og ideal.

BEAUTY_SUNNFORNUFT_MEME

Spiseforstyrringar er den vanlegaste psykiske lidinga hjå kvinner mellom 13 og 25 år i Noreg. Lidinga oppstår hjå både kvinner og menn, men den største gruppa er kvinner mellom 15 og 35 år.

Samstundes seier 50 % av dei spurte jentene i ei SIFO-undersøking om retusjering og kroppspress, at  bloggarar er den største påverkningsfaktoren når det kjem til kroppspress i kvardagen. Blant informantar i alderen 13-23 år opplyser 87 prosent at det kjem press på kropp og utsjånad frå bloggar. 45 prosent av informantane oppgir at dei samanliknar seg med bloggarane.

I den same undersøkinga seier halvparten av informantane at dei tykkjer det er viktig å være «veldig sunn» og trene mykje som ein følge av blogglesing. 33 % av har prøvd ulike typar dietter eller kosthald dei har funne på bloggar, 40 % har slanka seg og 17 % seier dei ynskjer seg kosmetisk kirurgi som ein fylgje av blogglesing.

SUNNFORNUFT_BULLY_MEME

Sjølv om me alle har eit ansvar for å vere kritiske lesarar, er det likevel viktig å ta innover seg denne statistikken. Ingen ynskjer å vere ein dårleg rollemodell eller å bidra til kroppspress. -Og som Finn Skårderud så klokt sa det: «det kostar ingenting å ta litt omsyn».

Råda i Sunn Fornuft-plakaten er ikkje reglar skreve i stein, men heller råd  på vegen for bloggarar. Plakaten tek sikte på å skape betre og klokare blogging om mat, trening og helse i bloggsfæra, slik at me kan stå saman i kampen mot spiseforstyrringar og forhåpentlegvis minske kroppspresset i samfunnet i dag. Dette er uendeleg viktig og veldig bra. Eg er difor ein stolt støttespelar av denne plakaten.

Sunn fornuft-plakaten kan de lese her.

P.S. Eg har tidlegare vore innom dette temaet i innlegget Bananer og ansvar som omhandla snevre kosthaldsråd og bloggarar sitt ansvar for lesarane sine. Les det gjerne her!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s