Etter 22. juli

Ein ny fredag som er 22. juli. Ein ny fredag der me har mange nye terroråtak bak oss andre stader i Europa. Då er det godt å ha folk som samlar orda for oss.

Etter 22. juli

etter at vi blei sprengt i filler
etter at fredagen fall ut av hendene på oss
etter at vi måtte lære oss norsk på ny
etter at sorga strekte seg heilt opp til håret
etter at dagane tok til å regne ned over oss

orda overlever ein 9mm glock
kjærleiken er kraftigare enn ei 500 kilos bombe
å halde hender er mektigare enn ladegrepet
eit lite kyss er viktigare enn 1500 sider med hat
eit vi er så mykje meir enn eit eg

det kjem eit nytt 22. juli, det må jo det
ferja skal frakte fleire bankande hjarte over
telta skal bli slått opp på grønt gras
morgonsola skal kysse øya vaken
hei, hei, på tide å stå opp og endre verda

Av Frode Grytten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s