Humlebed på veg

img_20160927_203306

Salvie, roser, Allium-laukar, lavendel, stormarikåpe, storknebb og krokuslaukar står klare til å plantast ned i jorda. Endeleg er eg i gong med å lage eit eige humlebed her i Haugesund.

Me kjøpte eit hus på eit nytt bustadfelt, så hagen vår er per no ein grøn firkant. Grunnen er ganske steinete med eit tynt jordlag på toppen og i tillegg er plenen vår ganske så vasstrukken. Det er ikkje det beste utgangspunktet for ein frodig hage, men med litt innsats blir det nok bra. I tillegg har eg eit fantastisk hageleksikon til nabo som bidrar med gode råd og tips på vegen. Bed skal det bli!

img_20160927_203332
Steinete sa du?
img_20160927_203153
Eg skrelte av plenen og rulla den av. Mon tru kor eg skal gjere av den no?

Om ein tek ruten til hagesentra no, kan ein gjere mange fine kupp. Dei fleste staudene på senteret eg var innom, var satt ned med 70%. Då kan ein plante mykje fint, då!

Bakerst i det nederste biletet kan ein skimte mi vesle hageskam. Det er ei anna forteljing som må komme ein annan gong.

/Inga

One thought on “Humlebed på veg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s