Å få born er ikkje nødvendigvis ei dyr affære

img_4258

Aftenposten skriv denne veka at ein baby kostar 46.840 kroner innan den fyller eit år. Dette er ifylgje forsking utført av Statens institutt for forbruksforskning (SIFO).

Dette treng babyen absolutt ikkje koste. -Særleg ikkje då desse tala baserer seg på at ein kjøper alt nytt.

Fine bruktklede på rekke og rad. Til og med den blå sparkebuksa til onkel Bjørn er like fin 24 år etter!
Fine bruktklede på rekke og rad. 

Me har fått to ungar tett dei siste åra, og då førstemann kom, gjekk me til innkjøp av ny vogn og bilstol. Men så var det stopp. Eg hadde shoppestopp samstundes som eg gjekk gravid, og boblande hormoner ispedd eit gryande miljøengasjement førte til at eg sette på bremsen då det kom til innkjøp.

DSC_0077
Tante Mari sitt leikestativ er like poppis 20 år etter!

Det var ikkje så dumt. For det første dukka det opp det eine tilbodet etter det andre om å arve alt i frå sprinkelsenger til barnestolar, leiker og klede. Vener og kjende sat med bugnande boder med ting dei gjerne skulle ha kvitta seg med. I tillegg erfarte me at ein baby i grunn ikkje treng eit hav av utstyr. -Og det ein treng, kan ein gjerne kjøpe brukt, leige eller låne.

Her er nokre råd for deg som ventar baby, og som vil spare både lommeboka og miljøet:
  • Tenk over kva de treng.
    Sjølv om du finn lister på babyforum og i magasin med 1000 saker som ein «bør» ha til babyen, så stemmer ikkje dette nødvendigvis for dykk. Tenk over kva behov de har i kvardagen.
  • Vent med å handle.
    Butikkane er også opne etter at babyen er ute. Ein kan fint vente med mange kjøp. Det kan vere utfordrande å vete kva ein får bruk for i forkant. Særleg om ein er førstegongsfødande. Når ungen er ute og kvardagen så smått byrjar å gå seg til, ser ein tydelegare kva ein treng.
  • Lån utstyr av andre for å teste ut først.
    Ikkje alle babyar likar å bli bært i sjal og sele. Kanskje kan du låne eit bæresjal eller ein bæresele den første tida for å sjå om ungen din trivst med dette?
  • Lån og leig utstyr av andre som du ikkje treng så ofte.
    Ein Prampack til å pakke inn vogna i når du skal på reise, kan vere lurt, -men om du ikkje reiser ofte, kan det bli eit dyrt kjøp. Det same gjeld reisetriller, pulk m.m. Det er mange firma og privatpersonar som leiger ut slikt, -i tillegg har du mest sannsynleg vener og kjende som har bodene fulle med utstyr dei velvillig låner vekk.
  • Kjøp brukt.
    Det er blitt veldig in å kjøpe brukt til borna. Det er flust av lokale kjøp-og-sal-sider på Facebook. I tillegg er Finn.no ein fantastisk plass. Er det ein ting som er sikkert, så er det at ungane veks som gras og ein må byte ut garderoben i hytt og vær. Det som blir lagt ut på desse nettsidene er som oftast pent brukt og blir seld til ein rimeleg penge. I tillegg er det ein veldig fin gest til miljøet.
  • Allier deg med vener og la ungane arve klede og utstyr av kvarandre.
    Kanskje kan de sirkulere litt på klede og la ungane arve av kvarandre? Det er både koseleg og utruleg praktisk.

Me har sjølvsagt med ujamne mellomrom også måtte kjøpe nye saker og ting, men kjøpa har blitt betrakteleg færre enn venta.

Å bli foreldre er noko av det finaste i livet. Då skal ein ikkje la kjøpepresset ta overhand, men heller nyte stunda med det vesle mennesket som er der.

-Og er det ein ting som er sikkert, så er det at det vesle mennesket bryr seg frykteleg lite om vogna det ligg i er kjøpt brukt eller ny.

dsc_0202
Ute på tur for nokre veker sidan. Begge ungane i yttertøy som er enten arva, lånt eller kjøpt brukt. Det funkar som berre det!

2 thoughts on “Å få born er ikkje nødvendigvis ei dyr affære

  1. Smart!

    Særlig for de minste trenger det ikke koste mye, for klær og utstyr brukes lite og mye som ser ubrukt ut er å få tak i. Det er mange barneutstyrsgrupper på Facebook også.

    1. Ja, ikkje sant Anne-Helene! Dei fleste babykleda me har i hus, er så gode som nye sjølv om dei allereie har vore brukt av fire-fem babyar. Arving av klede er overhovud ikkje passè. 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s