EcoEgg

DSC_0552

I eit år har me testa EcoEgg som alternativ til ordinært vaskemiddel til klede. Sjølv om egget ikkje er perfekt, -er det verdt å sjekke ut!

EcoEgg er ei britisk oppfinning som tek sikte på å redusere bruk av kjemikalier når ein vaskar klede. Egget inneheld små kuler. Nokre av dei skal svekke bindemidla mellom skit og tekstilfiber, og andre er mineral som ioniserer oksygenmolekyla i vatnet, slik at tøyet blir reint utan at det det øydelegg fibra eller reduserer fargen. EcoEgg er støtta av det britiske astma- og allergiforbundet, då det også er særs skånsomt for huden.

Egget er lettvint å bruke. Ein legg det inn i vaskemaskina saman med kleda, og set på maskinprogrammet som vanleg. Enkelt og greit!

Fordeler
  • kan brukast til all type klesvask. Farga, lys, ull, 60-grader, 40-grader etc.
  • held til 210 vask. Det blir rimeleg.
Ulemper
  • egget skal også fungere som tøymjuknar, men det merka ikkje me så godt. Kleda var like stive som dei pleide å vere etter lufttørking. Samstundes mjuknar kleda med ein gong ein tek dei i bruk.
  • alt vart ikkje like reint. Flekkar og matsøl på til dømes ull, forsvann ikkje. Då måtte me først skylle opp plagga i vasken før me la dei i vaskemaskina.

Til sjuande og sist tykte eg at EcoEgg fungerte veldig godt til den vanlege klesvasken. Sjølv om ein må blautlegge grisete barneklede i forkant og ikkje alle flekker går like lett av, -tykte eg likevel det var verdt det med omsyn til miljøgevinsten og at egget er så skånsomt for huden.

Likevel har me landa på eit kompromiss i heimen om å variere mellom egg og vanleg vaskemiddel. Dette då me har så mykje klesvask med matsøl med meir. EcoEgget er framleis jamnleg i bruk.

Eg kjøpte mitt EcoEgg på Enklere liv, men ein finn det mange stader på nett også. 

4 thoughts on “EcoEgg

  1. Jeg har tenkt på å prøve EcoEgg, men har ikke kommet så langt. Jeg har brukt vaskenøtter og litt mer miljøvennlig vaskemiddel fra iHerb. De siste månedene har vi kjøpt vanlig vaskemiddel fra butikken rett og slett fordi vaskenøttene ikke gjorde en god nok jobb. Vaskenøttene gir OK resultat, men det er jo noen flekker som ikke forsvinner i vask (selv flekker som ikke burde være vanskelige flekker) og synes heller ikke at alt ble like rent. Kan bruke det på klær som ikke er så skitne og som er uten flekker. Vaskepulver fra iHerb har jeg så langt vært fornøyd med (har brukt det siden 2012 ca), men det koster litt, så bruker det ikke på alt som vaskes.

    1. Så interessant! Eg har ikkje testa ut vaskepulver i frå iHerb. Enn så lenge vekslar me mellom vanleg Omo og Neutral sitt. Eg veit det også finst magnetar ein kan bruke i vaskemaskina, som skal gjere ein ok jobb. Det hadde vore spanande å prøve. Takk for at du delte erfaringane dine! Ha ein strålande dag. 😊

  2. Hvordan er egget på fjerning av lukt? Vi bruker Neutral vaskemiddel. Vi har prøvd litt forskjellig av økomerker, men jeg syns det varierer veldig hvor effektive de er på flekker og lukt. Neutral er jo heller ikke like effektivt som Blenda eller Omo, men dem får vi utslett av, og Neutral fungerer godt nok. .

    1. Hei! Takk for spørsmål! Den fjerner lukt i 8 av 10 tilfeller, men av og til kan ein kjenne svettelukt frå enkelte plagg. Det var dette og det at den ikkje fjerna alle matflekker på ull, som gjorde at me fortsatte å bruke konvensjonelt vaskemiddel også. No vekslar me mellom Omo, Neutral og EcoEgg. Om eg kjem over andre miljøbesparande vaskemiddel som fungerer enda betre, skal eg melde frå her på bloggen! Ha ein fin kveld! Beste helsing, Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s