Koking av kraft

dsc_0443

Happy Halloween! Neidå. Dette er eit bilete av kjøkenbenken min ein heilt vanleg onsdag ettermiddag i november.

Ein  dag for nokre veker sidan, var eg innom Økokrambua for å kike etter kyllinglever. Etter at eg var på kurs med Margit Vea i oktober, har eg lenge hatt lyst til å lage eigen leverpostei. Dei var tomme for lever, men i staden hadde dei noko anna spanande, -nemleg kyllingføter. Kyllingføter skal vere fenomenalt å koke kraft på, så det måtte eg prøve.

dsc_0444
Kyllingføtene kom frå den økologiske kyllingprodusenten Homlagarden i Hardanger.

Eg er ingen erfaren kraftkokar, men eg har byrja i det små no i haust.  Til no har eg stort sett kokt kraft på skroget til ein heil kylling, etter at me har ovnsbakt den i  ovnen .

Tidlegare har eg tenkt at koking av kraft er eit overskotsprosjekt som eg berre kan gløyme. Men så innser ein etterkvart at kraftkoking ikkje krevjer så mykje som ein trur. Eigentleg er det eit perfekt slappfisk-prosjekt!

Alt du treng er kjøt eller bein ein kan koke kraft av. Saman med litt vatn, salt, krydder og det du måtte ha av grønsaker, -treng du berre ein kjele og tid. Krafta blir betre desto lengre den får stå og surre på komfyren. Resultatet er mange porsjonar med fantastisk basis for supper, gryter, sausar og anna godt.

Oppskrift på kyllingkraft

Ca. 2 liter

  • 2 kg tint kylling (føter, hals, skrog, eller heile stykker med kyllingkjøt)
  • 3 liter vatn
  • 2 gulrøter
  • 1/2 sellerirot
  • 2 vårlauk / 1 purre
  • 2 laubærblad
  • 4-5 korn pepar
  • 1-2 ts salt

Ha kjøt/bein i ei gryte saman med vatnet. Kok opp på svak varme. Fjern skummet som samlar seg på toppen. Då blir krafta klar og fin.

Vask og skrell grønsakene. Del dei i betar, og ha i gryta saman med krydder. Kok under lokk på svak varme i 3-4 timar. Smak til med saltet heilt på slutten.

Sil av krafta og kjøl raskt ned i kaldt vatn om du ikkje skal bruke den med ein gong.

Eg frys ned porsjonar i syltetøyglas. Så lenge ein fyller glasa berre halvvegs til 2/3 opp, går det heilt fint.

Om ein først skal ete kjøt, er det bra for miljøet om me utnyttar mest mogleg av dyret eller fuglen. Å koke kraft på kyllinghalsar eller bein, er såleis ikkje berre smakfullt, -men også meir bærekraftig. 🙂

God kraftkoking!

Om du har nokre gode tips til kraftkoking, -del dei gjerne! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s