Resirkulert julekalender

Ein treng ikkje vere gamal for å lage fin julepynt. Å lime, male og teikne er kjekt for stor og små. Og alt blir kjekkare med glitter!
Ein treng ikkje vere gamal for å lage fin julepynt. Å lime, male og teikne er kjekt for store og små. Og alt blir kjekkare med glitter!

Brått er 1. desember rett rundt midnatt, -og eg står (som i fjor) veldig i siste liten og skal fylle og henge opp julekalenderen. Heldigvis er innhaldet i stor grad resirkulert, då eg køyrer same opplegget som i fjor. Aktivitetar, ispedd litt småting som dei uansett treng.

Det er lett å bli tatt av kvardagen når det nærmar seg jul og la ettermiddagane rulle avgårde som vanleg. Med aktivitetar i julekalenderen får ein ein ekstra dytt til å gjere alle desse koselege sakene som ein gler seg til heile hausten.

DSC_0177
Julegåver som fall i smak i fjor. Baking av kjeks + pynting og fylling av syltetøyglas = 2 luker.

Her er innhaldet i julekalenderen vår i år, i tilfeldig rekkefylgje. Om du er litt på hælane, kan du kanskje få nokre tips.

  • tannkostar
  • hodelykttur i skogen med innlagd kveldsmat i mørkret.
  • rosinesker
  • besøk i Pepperkakebyen.
  • kinobesøk / teaterbesøk / sjå julefilm heime og lage popcorn
  • ullsokkar
  • lage middag på bålpanne ute.
  • små sjokoladenissar
  • bake pepperkaker
  • pynte pepperkaker
  • ullsålar til vinterskoa
  • lage julekonfekt
  • pynte syltetøyglass med klistermerker. Fyll dei med heimelaga julekonfekt og anna godt. Perfekt som julegåver.
  • lage julepynt
  • pynte pepperkakehus
  • hente juletre i skogen
  • pynte juletre
  • gå i svømmehallen
  • besøke julemarknaden på rådhusplassen
  • julehefte
  • bake lussekattar
  • gå på biblioteket
  • gå på cafè og drikke kakao
  • få pakke opp ei julegåve på morgonen på julafta.
IMG_5398
I fjor var det snø då me henta juletreet. Tenk om me kan få det i år også!

 

Eit siste tips: allier deg med vener og kjende. Kanskje kan ein samarbeide om enkelte luker? Som hodelykttur i skogen saman med vener, bake pepperkaker med naboen eller pynte juletreet til oldemor? Då treng ein ikkje planlegge alle aktivitetane aleine, -og det er alltid kjekt når ein er fleire.

Eit aller siste tips: ha luker i kalenderen som du kan flytte på. Er det meldt ausregn ein dag, er det greit å flytte middagslaginga på bålpanne til ein annan dag. 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s