2012 vs. 2016 i kilo CO2

DSC_0332
Med nokre få endringar kan me senke utsleppa våre betrakteleg, -og la humla suse!

Aftenposten har i dag ei sak om at nordmenn sine levevaner nødvendigvis ikkje er så grøne som me sjølv trur. På tross av at nordmenn sitt miljøengasjement har stege, har også det private forbruket gjort det same. Klimautsleppa i Noreg har ikkje endra seg dei siste 25 åra, -dei har tvert i mot auka.

Framtiden i våre hender har utarbeida ein enkel test for Aftenposten, så folk kan sjekke kor i landskapet dei ligg med omsyn til eigne klimautslepp. Eg tok testen basert på korleis eg levde i 2012, og korleis eg lever i dag. Det var interessant!

I 2012 hadde eg eit totalt utslepp på ca. 5320 kilo Co2 ekvivalentar i fylgje klimakalkulatoren. I dag har eg senka den til 3 247 kilo CO2. Dette på tross av at husstanden har vokst med to personar og me bur i ein større bustad.

DSC_1264
Kjøttfri måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag?

Her er nokre av grunnane:

  • Bil: I all hovudsak køyrer me langt mindre. Antal km per år har blitt senka frå 25 000 km til 15 000 km. Skalaen i klimakalkulatoren gjekk berre opp til 20 000, så klimautsleppa våre var nok enda høgare i 2012. I tillegg er dieselbilen byta ut med ein hybridbil som går på bensin. Me køyrer stort sett på el, då mykje av køyringa vår er småkøyring. Ein kunne ikkje huke av for «hybrid» i testen, så eg huka av «bensin». Her er utsleppa altså mest sannsynleg lågare enn kva som kom fram.
  • Fly: Her var det ikkje så stor skilnad frå 2012. Me flyr mindre og mindre, men antal turar låg på det same som då. 2 innanlandsflygningar og 4 europeiske flygningar.
  • Kjøt: Me har seinka kjøtforbruket vårt frå ca. 4 kjøtmiddagar i veka, til ca. 2.
  • Klede: Forbruk av nye klede har gått kraftig ned. Eg kjøper like gjerne brukt, og når eg kjøper nytt, legg eg meir pengar i færre plagg. Forbruket per månad har gått ned frå ca. 1500 kr til 500 kr.
Varmepumpe og varmekablar er på, men då me bur i eit tett hus med energimerking B, er straumrekningane låge.
Varmepumpe og varmekablar er på, men då me bur i eit  lågenergihus med energimerking B, brukar me mindre straum enn kva me trudde me kom til å gjere då me flytta frå leilighet til hus.

Eg er ingen helgen når det kjem til grøn kvardag. Eg kjøper fortsatt nye klede og andre ting i butikk, -i like stor grad som eg kjøper brukt. Eg brukar bilen oftare enn eg må og eg har leverpostei på brødskiva kvar dag. Likevel ser eg at endringane våre har hatt stort utslag på det totale klimautsleppet.

Så det viktigaste spørsmålet: Har det svidd? Har livet blitt meir ukomfortabelt? -Absolutt ikkje. Tvert i mot har me merka særs lite.

-Det er verdt å tenke på! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s