Eit glas, mange funksjonar

dsc_0741

Her er det siste innspurt på jobb før jul, men litt julestemning klarar me å smette inn. I helga var me i Etne og hadde juleverkstad med slekt i frå Lier. Det vart laga sild i ulike variantar (her må eg etterkvart dele nokre gulloppskrifter), bakt julekaker, samla fint og grønt i skogen og drukke eit uant antal kaffikoppar mens skravla gjekk. Slikt er ei julegåve i seg sjølv, då det einaste me manglar er meir tid i lag. Måtte nye E134 bli bygd så fort som mogleg, så avstanden til Austlandet vert litt kortare!

dsc_0737

Elles må eg dele eit lite tips for deg som har lite skapplass eller som ikkje vil ha så mange ting. Desse whiskeyglasa fekk mannen til jul i fjor. Etter det har dei vore i bruk kvar dag. Ok. Ikkje til whiskey om du vart litt bekymra no, men til alt anna fint! Dei har fungert som mjølkeglas, tekoppar, snacksskåler, telyshaldarar, vasar og bittesmå blomsterpotter. Då glaset er tjukt, går det fint an å drikke varme drikker av glasa.

Bruk fantasien med det du har. Det meste kan brukast på nye måtar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s