Ei god nok jul

dsc_0679

Denne bloggen tok ein skikkeleg juleferie i år, -men no er den tilbake og klar for 2017! 2016 vart eit mørkt år på mange måtar og det er godt å starte på eit nytt.

Me feira julafta for fyrste gong heime, og det var veldig spanande og stas. Me kom ikkje i mål med alt. Huset var på ingen måte rundvaska, julebaksten vart i år ein porsjon steinharde biscotti og innkjøpt konfekt,-og eg gjekk i kyrkja på julafta med ein kjole som viste seg å ha gulpeflekker frå i fjor. Men. Me var enige om at det var heilt innafor og godt nok! Lutefisken på litlejulafta og pinnekjøtet på julafta vart vellukka, og store og små hadde det uendeleg koseleg i lag. Då gjer det ingenting om nokre hybelkaniner dansar vals under sofaen.

Ovanfor ser de nokre favorittar på kjøkenbenken akkurat no. Eit lite avokadotre som har grodd fram frå ein avokadostein og nokre av dei fine stettefata svigerfar min har dreid sjølv. Dei er så vakre, og står framme til ei kvar tid.

Håpar de også hadde ei «god nok-jul» og eg gler meg til å snakkast vidare i 2017!

2 thoughts on “Ei god nok jul

  1. Avokadoplante! Så kult!

    Jeg har syslet med tanken på det selv, men så leste jeg at avokadotreet blir (kan bli!) 20 meter høyt og såpass høyt er det ikke under vårt tak, hehe..

    Ønsker deg et godt 2017!

    1. Oi, såpass ja! Me planta det i krukka og det skjedde ikkje stort. Så sette me krukka ut i ein krok i hagen medan me var på somerferie. Då me kom tilbake hadde avokadotreet skote i veret. Regnfull vestlandssomar er tydelegvis noko det trives med. 😀 Etter at det flytta inn, har det gått treigare, så trur det skal få tilbringe somaren ute i år også. 🙂

      Eit godt 2017 til deg også!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s