Framtidsoptimisme og solcelletak

World Economic Forum har delt denne fine videoen om fem måtar me kan  bremse den globale oppvarminga på. Det er herleg med videoar som kjem med løysingsforslag og som gir optimisme!

Me driv og undersøker moglegheitene for å installere solcellepanel på taket vårt. Fleire naboar har også vist interesse for å vere med. Mange er nysjerrige på grøne løysingar om dagen, og det er gøy! Enn så lenge er det berre på tankestadiet, men det hadde vore veldig artig å fått til.

No har det også byrja å komme takstein med integrert solcellefunksjon, slik at ein ikkje treng å legge heile solcellepanel over det eksisterande taket. Det er mange leverandørar i Noreg som allereie leverer takstein med integrerte solceller. Elon Musk, gründaren av Tesla, har også heve seg med på utviklinga med solcelleselskapet Solarcity. Prosjektet deira og  kva som må til for å integrerte solceller på eksisterande tak, kan de lese meir om her.

Ein skal ikkje sjå bort i frå at me alle har solceller på taka våre om nokre år. Det blir spanande å fylgje utviklinga!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s