Med i bagasjen frå 2016

dsc_0001

Eg har aldri trent så lite, sove så lite og lest så få bøker som i fjor. Men det gjer ingenting. Eg fekk jo nokre andre fine vaner! Desse skal eg jaggu ta med meg vidare i 2017. Kanskje du også får nokre tips?

Podcast-lytting

Når ein ikkje får seg til å sette seg ned med ei bok fordi det alltid er noko som skulle vere gjort, er podcast ei heilt fantastisk oppfinning. Å lytte til lange intervju utan mikkmakkeri med kjende forfattarar, bli utfordra og røska litt i av Sigrid og Lisa og å få ein analyse av dei viktigaste politiske hendingane av Trine Eilertsen & co, er blitt definisjonen på luksuriøs eigentid. Samstundes får ein tømt oppvaskmaskina, bretta klede og rydda opp etter dagen. Det er gull.

ac

Tusvik&Tønne, Bra damer, En underbar Podd, Aftenpodden og BokPod er dei eg lytter til akkurat no. Eg tek gjerne i mot tips!

Bullet journal

For oss listeavhengige, er denne måten å føre kalender/dagbok på heilt avhengighetsskapande. Eg byrja i fjor, og der eg vanlegvis sluttar på eit tidspunkt, har eg berre fortsatt. Hjå meg er dei meir ein kalender og hugsliste over ting eg må å gjere. Det blir få dagboknotater, men det er det fine med boka. Den blir til undervegs og er heilt tilpassa deg!

Grove vaflar til laurdagsfrukosten

Her i huset startar dagen 05:30 same om det er måndag eller laurdag. Likevel har me fått eit skikkeleg koseleg rituale på laurdagen. Då lagar me grove vaflar og et dei med lønnesirup. Eg lagar vaffelrøra på slump av 2 egg, 3 ss smelta smør, havregryn og diverse grovt mjøl som eg har i skapa, før eg sper på med mjølk til den har ei grei konsistens. Det er  enkelt, himmelsk godt og den beste starten på helga.

Håpar du fekk litt inspirasjon! Fekk du nokre nye vaner i 2016?

 

6 thoughts on “Med i bagasjen frå 2016

  1. Er det ikkje heilt utruleg kor mykje lettare husarbeid vert med Podcast på øyret? Det må vere den einaste nye digitaloppfinninga som ikkje gjev deg tomt blikk og frys deg fast i godstolen.

  2. Jeg fikk ikke noen særlige vaner i 2016, som jeg tok med meg i 2017. Litt trist, jaja! Men jeg har noen ting som jeg vil få inn i systemet; gå turer, tegne med, være mer kreativ! Har veldig lyst til å skaffe meg en bullet journal, men aaner ikke hvor jeg får tak i en fin notatbok med prikker i.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s