Stem med beina dine

Her kjem eit lite lesetips på tampen av helga. Denne artikkelen gir mange gode tips til kva eg og du kan gjere for å redusere klimaendringane.

Eg likte særskild «Vote with your feet». Kvar gong du vel bilen, gir du ei stemme til bilen. Kvar gong du nyttar bussen, gir du ei stemme til kollektivtransporten og kvar gong du hiv deg på  sykkelen, gir du ei stemme til sykkelen. I dag vert transportvanane våre nøye fulgt med på og ført inn i statistikkar. Er det mange som brukar syklar i ein by, kan det vere større sjans for at ein vel å bygge ut sykkelvegar etc.

Me kjøpte ny (brukt) sykkelvogn som me kunne trille borna til og frå barnehagen i haust. Likevel ser me at november, desember og januar ofte er dei månadane me vert langt dårlegare på å bruke beina, -og heller vel bilen. Når regnet piskar ned, er det fristande å køyre. Me køyrer på elektrisitet heile vegen, men likevel. No skal eg skjerpe meg, legge fram regnbuksa og tøffe meg litt opp for den siste vintermånaden!

Ha ein fin kveld!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s