Fjong med Fjong

img_7091

Forrige helg var me i bryllaup i Oslo. Eg hadde tatt med ein flott kjole som eg kjøpte på Finn då eg var forlovar for ei venninne i somar. Den kjolen har eg forresten gløymt å vise fram her. Det var definitivt eit av dei store bruktkuppa i fjor. Men. Då eg henta den fram av dressposen, kom eg på at eg hadde notert meg bak øyra forrige gong at den måtte til rens før neste bruk. Hadde eg hugsa å gjere det? Sjølvsagt ikkje. Så der stod eg i Oslo berre timar før bryllaupet, med ein kjole full av flekkar. Då kom eg på at eg hadde lest om eit smart butikkonsept i Infinitum for ei tid tilbake. Fjong var namnet og dei leigde ut klede og tilbehør til kundar. Eg heiv meg rundt og ringte dei, -og fekk komme rett opp til butikken på Skillebekk. Der møtte eg to utruleg hyggelege jenter med eit genialt konsept.

Fjong er ein kombinert butikk og nettbutikk kor privatpersonar, designarar og butikkar kan leige ut kleda sine. Om ein treng noko nytt til ein spesiell anledning, kan ein registrere seg via Fjong sine nettsider og booke plagga. Målet er at fleire skal få glede av gode plagg, og at overforbruket av klede skal gå ned. Delingsøkonomien har inntatt klesskapa!

img_20170205_095417

Eg fann ein nydeleg kjole som eg leigde til neste dag. Dette kosta 400 kroner og var inkludert rens. Festklede er ofte dei plagga som blir brukt færrast gonger. Ved å leige, kan fleire få glede av plagga utan at det kostar skjorta, ein kan redusere klesforbruket og ikkje minst spare lommeboka. Eg sparte meg for ein hals-over-hovud-tur gjennom butikkane for å stresshandle (mest sannsynleg) eit nytt bomkjøp!

Applaus for flott tiltak og ein god idé! Eg håpar Fjong sprer seg til fleire norske byar, slik at fleire kan få glede av konseptet.

One thought on “Fjong med Fjong

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s