Grøn mat for sjela i mars

Solgt!

Eg er i Tyskland og beundrer sykkelvegar, lærer om norsk gass og diskuterer klimautfordringa med tyskarar. Lærarkvardagen er ekstra fin desse dagane. Eg er glad eg får vere med på så mykje spanande!

I mellomtida må eg liste opp nokre fine grøne hendingar i mars:

  • Bli-ny for mobilen. Eg trudde mobilen min hadde takka for seg og måtte bytast ut. I siste minutt bestemte eg meg for å prøve å restarte heile systemet og i tillegg skifte skjermen. Den vart så god som ny igjen. Eg slapp å kjøpe ny og unngjekk unødvendig avfall. Hurra!
  • Terrengsykkelen vart seld til nokon som trengte den. Eg har hatt ein  terrengsykkel som har vore lite brukt. Den har ikkje passa til vår bybruk, og eg har som oftast tatt mannen sin racersykkel. Eg la ut terrengsykkelen på Finn.no og selde den til ei dame som kjem til å bruke den mykje. Min støvsamlar vart nokre andre sitt gull! No skal eg på jakt etter ein brukt hybridsykkel til meg. Nytt autosøk på Finn er lagra.
  • Heimelaga bodyscrub. Bland den brukte kaffigruten med litt olivenolje, og vips har du ein god bodyscrub. Mikroplast finn ein ofte i slike produkt, men med denne slepp du det problemet.
  • Inspirasjon til å handle emballasjefritt. Sjølv om det ikkje gjekk så bra å handle emballasjefritt i første runde, var det likevel veldig gøy og eg gler meg til å fortsette!

/Klem frå Inga i Tyskland

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s