Hålke

På jobben har to kollegaer sett seg lesemål for 2017. Den første skal lese hundre bøker, og den andre femti. Dette er svimlande mange bøker for meg som nesten ikkje har lest dei siste åra. I ein overentusiastisk augenblink, høyrde eg likevel meg sjølv opplyse kollegaene at eg skulle lese 25 bøker i år.. Kva som skjedde veit eg ikkje heilt, -men her er det berre til å brette opp ermene.

To bøker er allereie lest, og den tredje boka ut, vart Hålke av Helene Uri. Eg fekk boka til jul og har lest den dei første dagane her i Tyskland.

Ebba og Karl er i syttiåra og dei har eit langt ekteskap, familieliv og arbeidsliv bak seg. På overflata ser alt tilsynelatande flott ut, men når dei må halde seg innandørs i fleire dagar grunna glatt føre, kjem gamalt grums til overflata. Medan det heile sakte men sikkert eskalerer, spør ein seg: kan kjærleiken overvinne alt og kven har eigentleg retten på historien om eit ekteskap?

Dette er ei dempa forteljing der mykje blir fortalt mellom linjene. Små kommentarar og tilbakeblikk gir ei rik skildring av personane og relasjonane mellom dei. Er me alltid slik me trur me framstår i eit samliv eller i ein relasjon? Er vår forståing av oss sjølve og andre, rett? Romana er mørk, humoristisk, trist og vakker. Alt på ein gong.

/Inga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s