Handle emballasjefritt: Tid og kostnader

Eg fekk eit spørsmål på Instagram om kor mykje tid og pengar eg er villig til å bruke, for å kjøpe mest mogleg emballasjefritt. Det er eit veldig godt spørsmål som eg har grubla litt på før eg byrja på prosjektet!

Tidsbruk

Først og fremst bestemte eg meg for å starte i det små. I staden for å gå hardt ut og berre kjøpe emballasjefri produkt frå dag 1, har målet i starten vore å kjøpe det emballasjefrie alternativet der det let seg gjere. Eg har også tatt utgangspunkt i dei vanlege matbutikkane me handlar i, og utvida litt etter litt. Slik har eg fått tid til å komme inn i det, -og ikkje minst få oversikten over kva som finst.

Eg ser at eg får tak i emballasjefri frukt, grønsaker, nøtter og krydder når eg handlar i vanleg daglegvarebutikk i kombinasjon med innvandrarbutikkar. I tillegg får eg kjøpt kaffibønner nær daglegvarebutikken. Etterkvart kan eg tenkje meg å handle kjøttvarer, meieriprodukt, brødvarer og fiskevarer emballasjefritt. Det er både slaktar, mange bakeri, ostebutikk og fiskehandlar i byen, så det er mogleg å få til. Samstundes kan ein få tak i fleire av desse varene i ferskvaredisken på velassorterte butikkar som Meny.

Kor mykje tid ein må bruke om ein vil handle emballasjefritt, er veldig avhengig av kva tilbod ein har på staden ein bur. For vår del går det greit å bruke litt ekstra tid på mathandelen så lenge det berre skjer ein til to gonger i veka.  For min del er det lystbetont og også definert som aleinetid. Hehe.

Kostnader

I utgangspunktet var min bedre halvdel mest skeptisk til kor mykje pengar me kom til å bruke på mat. Etter tre rundar med vekeshandel, viser det seg at me har brukt like mykje eller mindre enn me pleier. Meir nøye planlegging av handelen er nok grunnen til dette. Det blir også færre impulskjøp og mindre kasting av mat.

No handlar me ikkje alt emballasjefritt og det kan hende at det vert dyrare etterkvart som me utvider. Likevel ser eg at mange matvarer eg har tenkt er langt dyrare hjå nisjebutikkane, ikkje nødvendigvis er det. Emballasjefrie matvarer som frukt, grønsaker, nøtter og belgfrukt er også ofte rimelegare om ein kjøper det i lausvekt. Å handle emballasjefritt treng såleis ikkje vere ei dyr affære.

Eg tenkjer at alle monner drar når det kjem til emballasjefri handel. Om ein ikkje ynskjer å bruke så mykje tid, kan ein til dømes byrje med eigne handlenett ein tek med heimefrå til den vanlege matbutikken. Då unngår ein plastposane. Det er eit kjempeflott bidrag til miljøet!

Lukke til!

/Inga

4 thoughts on “Handle emballasjefritt: Tid og kostnader

  1. Kjekt å følge bloggen. Jeg handler nesten bare i Haugesund Sentrum fordi jeg ikke har bil i det daglige og da er det å handle en gang i uken umulig. jeg handler litt hver dag men bare det som står på lappen (mobilen). sparer masse penger på god planlegging

  2. Takk for langt og godt svar! Jeg skal gruble litt (og diskutere med min bedre halvdel) om hvordan vi kan få til dette på en god måte for oss. Først og fremst tenker jeg stort, og vil gjerne finne ut hvor det er smartest for oss som familie å legge innsatsen for å redusere miljøavtrykket vårt mest mulig. F. eks tror jeg vi har lite å hente på å kjøpe kaffe i løsvekt, da det går ca 250g kaffebønner i halvåret, hehe (hilsen tedrikkeren). Men på frukt og grønt vil det hjelpe å droppe plastposer, siden dette er noe vi spiser mye av (frukt og grønt, altså, ikke plastposene). Og så kan det hende at plasten til den ene kjøttdeigpakken i uka er mindre miljøbelastende enn det vil være å kjøre til en butikk/slakter med ferskvaredisk … jeg må tenke litt mer. Takk for at du har gjort meg oppmerksom på dette 😀

    1. Her har du veldig mange gode poeng! For vår del må me ikkje køyre så veldig mykje lengre om me skal til bykjerna enn om me skal til ein av dei større matbutikkane. I tillegg er det gode handlemoglegheiter med buss og sykkel. Så langt har eg landa på at det klimamessig er innføre med bilkøyring til butikkane så lenge me held oss til vekeshandel. Om det skulle bli oftare, går vinninga opp i spinninga. Takk for at du legg igjen gode ord og tankar! Oppdater me gjerne på korleis det går! Ha ein fin kveld!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s