Handle emballasjefritt: Forsøk 3

Krydder i lausvekt hjå Verdens mat. Vakkert!

Forrige veke tok eg meg skikkeleg god tid då eg skulle handle. Eg var i sentrum og tusla innom mange butikkar eg tenkte kunne ha emballasjefri varer. Målet var ikkje ein rask handel, men å få eit større overblikk over kva som finst i Haugesund. Undervegs oppdaterte eg på Instastory. Klippa frå den ser de her i innlegget!

Hjå K-fisk hadde dei mange fiskevarer i lausvekt. Eg kjøpte med meg nysteikte fiskekaker. Ein tom matboks var løysinga då eg skulle få dei med meg i handlenettet. Fiskekakene var eigentleg meint til middagen dagen etterpå, men dei var så freistande at me måtte smake på eit par allereie då eg kom heim. Dei smakte himmelsk!

Hjå Verdens mat fann eg frukt, grønt og raude linser i lausvekt. I tillegg hadde dei krydder, nøtter og anna smått og godt i lausvekt. Eg trur eg må tilbake for å kjøpe kikerter i lausvekt også.

Hjå Delikatesser Haugesund hadde dei deilige ostar i lausvekt, og her fekk eg også smake på mykje anna godt. Ein ost vart med heim, -innpakka i ein papirpose.

Hjå kjøtbutikken Lundal var eg på jakt etter kjøtpålegg og kjøtdeig. Kjøtdeigen hadde dei berre innpakka, men pålegget kunne ein få i lausvekt. Eg hadde diverre ikkje med meg fleire boksar eller glas til å ha noko på, så eg måtte ty til emballasje denne gongen. Uansett så veit eg no at dei har ulike pålegg emballasjefritt.

Hjå Amundsen kjøpte eg 500 g kaffibønner. Det er den mengden eg ser me treng for ei veke. Denne gongen vart det Amundsens spesialkaffi i medbragt papirpose, og ei makron i handa.

Til sist var eg innom ein vanleg daglegvarebutikk for å ta resten av handelen.

STATUS HANDEL NR. 3

Emballasjefri produkt: poteter, søtpotet, tomater, raudbete, sjalottlauk, eple, granateple, vårlauk, paprika, sitron, appelsiner, fiskekaker, ost, (kjøtpålegg), kaffibønner, raude linser og ei fransk makron.

Antal butikkar: 6

  • K-Fisk: fiskekaker
  • Amundsen: kaffibønner
  • Verdens mat og Coop Extra: frukt, grønsaker og raude linser
  • Delikatesser Haugesund: ost
  • Lundal: (kjøtpålegg)

Eigen emballasje: små vaskenett til frukt og grønt, papirpose til kaffibønner, matboks til fiskekaker og handlenett til alle varene.

Etterkvart skal eg lage ei liste over kva butikkar som har emballasjefrie varer i Haugesund. Det er langt fleire enn ein først trur, -og utvalet er breidt. Det er flott!

2 thoughts on “Handle emballasjefritt: Forsøk 3

  1. Så veldig inspirerande! Eg blei nysgjerrig, verdens mat: er det ein heilt ordinær internasjonal matbutikk? Eg bur i Stavanger og har endå til gode å finne krydder i lausvekt… Spanande å lesa om innsatsen din i alle fall☺️

    1. Hei Marit! Ja, Verdens mat er ein av fleire internasjonale matbutikkar/innvandrarbutikkar som ligg i Haraldsgata (gågata) i Haugesund. Eg var litt overraska over å finne krydder i lausvekt, men det er godt mogleg det er meir utbreidd enn ein først trur. Eg hadde henvendt meg i ein internasjonal butikk i Stavanger og spurt om dei hadde, visste om andre som hadde eller eventuelt kunne ta det inn. Så utruleg kjekt å høyre at bloggpostane inspirerer! God kveld til deg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s