Nynorsk i bloggverda

Sidan eg byrja å blogge, har eg blitt kontakta nokre gonger av lærarar og elevar som har ynskt å bruke blogginnlegga mine i nynorskundervisning. Det er hyggeleg! Sjølv om det er heilt sjølvsagt for meg å skrive nynorsk her på bloggen, er det likevel særs få bloggarar som vel det same.

For eit par dagar sidan vart eg kontakta av ein språkstudent ved Universitetet i Tromsø, som ville intervjue meg til ei semesteroppgåve. Temaet var nynorsk i bloggverda. Spørsmåla hennar og kva eg svara ser de nedanføre.

1. Hvorfor har du valgt å skrive på nynorsk på bloggen din?

Grunnen til å at eg skriv nynorsk, er kort og godt fordi det er skriftspråket mitt. Det er like naturleg for meg å skrive nynorsk, som det er for ein bokmålsbrukar å skrive bokmål. Eg er vaksen opp med lokalavis på nynorsk og skulebøker på nynorsk. Det har vore ein naturleg del av identiteten min gjennom oppveksten.

No i vaksen alder ser eg også at det er fint og viktig å bruke nynorsken då det er færre som brukar skriftspråket. Eg kjenner det litt som eit ansvar å bruke nynorsk, slik at fleire møter det både på nett og andre stader. Om eg kan bidra til at fleire les nynorsk gjennom bloggen min, er det veldig kjekt.

2. Møter du på noen utfordringer ved å skrive på nynorsk? F.eks. hva synes leserne dine om det?

Eg har ikkje møtt nokre utfordringar ved å bruke nynorsk. Snarare har eg fått utruleg mange kompliment og kommentarar om at det er kjekt å lese nynorsk. Det er stas!

3. Hva tror du er grunnen til at så mange bloggere velger å skrive på bokmål framfor nynorsk, selv om de kanskje har hatt nynorsk som hovedmål på skolen?

Det er nok mogleg at fleire tenkjer at nynorsk står i vegen for bodskapen. At dersom ein vel å skrive på nynorsk, er det det første lesaren legg merke til.  At bruken av nynorsk er ein «tilleggsagenda» og ein stille kamp for nynorsken. Å bruke bokmål når ein skriv om eit tema, kan slik framstå som trygt, nøytralt og forutsigbart.

Samstundes kan det hende nokre føler at nynorsk er litt annanrangs. At det er meir status og mindre «sært» å skrive på bokmål. Den konstante sidemålsdiskusjonen kastar også eit dårleg lys over nynorsk som skriftspråk. Det blir ofte framstilt som eit døyande språk det er meiningslaust å lære seg. Eit slags moderne latin. Då kan det kjennast komfortabelt å heller velje bokmålet og gli inn i mengden.

Har de nokre tankar om dette?

Om de vil lese fleire bloggar på nynorsk, har Noregs mållag ei fin liste her! 

Bladet Stella har ei spesialutgåve med grønt innhald i bladhyllene no. Eg plukka det med meg i går og det er proppfullt med inspirerande innhald! 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s