To ting du bør gjere om du er i Haugesund i dag

Bilete lånt frå Tanum sine nettsider. Klikk på biletet for å komme til kjelde.

Loe og Lykke i familien

De hugsar kanskje eg nemnte at eg har heve meg med på eit alt for ambisiøst leseprosjekt i år. Vel, den første boka eg las i år var likevel ein skikkeleg kick-start! Nei og atter nei av Nina Lykke er noko av det mest morosame eg har lest på lenge.

Ingrid og Jan lever eit trygt og vellukka liv på Norstrand i Oslo. Ho er lærar og han har ei stilling i eit departement. Dei har to vaksne søner som enda ikkje har komt seg ut av redet. Brått blir livet snudd opp ned. I rusen over å bli forfremma til ei leiarstilling i departementet, opplever Jan ein ny vår i livet og startar ei affære med ein langt yngre kollega. Ingrid er fortumla og overraska over å bli forlatt. Kor går vegen vidare no? I utgangspunktet høyrer dette ut som ein tynnsleten historie, men Lykke sin evne til å skildre desse personane og miljøet rundt dei, gjer det hysterisk morosamt. Forteljinga ender brått, så eg krysser fingrane for ein oppfylgjar.

I kveld besøker Nina Lykke og Erlend Loe Litterær salong ved Folkebiblioteket i Haugesund. Dei skal samtale med Siri M. Kvamme om dei siste romanane deira, familien og humor i litteraturen. Hadde det ikkje vore for at eg skal på noko anna i kveld, hadde eg definitivt vore her!

Hele Rogaland rydder

I dag er det ryddeaksjon i fylket. Folk vert oppfordra av Nrk Rogaland til å gå langs strendene, langs fortaua, i parkar og alle andre stadar folk ferdast, og plukke med seg søppel. Kvart bidrag er gull verdt. Me skal plukke søppel på veg heim frå barnehagen i dag.

Ha ein flott dag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s