Livet og korleis leve det

Då eg gjekk i 1. klasse på vidaregåande, gjekk Anne Gunn Halvorsen i 3. klasse. Ho hadde (ifylgje ryktet) tidenes klåraste sekser i norsk, var redaktør for russeavisa med dei angstframkallande kåringane og kom attpåtil frå Vikedal der alle dei fine gutane kom frå. Ho hamna raskt på lista over damer eg såg grenselaust opp til.

Etter vidaregåande har denne dama absolutt ikkje gjort skam på sitt norskkarakterrykte. Ho har vore redaktør i ungdomsbladet Spirit, magasinet Dagbladet Fredag og jobba som journalist i Dagens næringsliv. No har ho gått frilans, og har skreve ei sjølvhjelpsbok som Aftenposten omtalar som «den eneste selvhjelpsboken du trenger».

I Livet og korleis leve det, går Anne Gunn Halvorsen journalistisk til verks for å finne ut nettopp dette. Korleis skal me leve livet? Boka er delt inn i fem kapittel; Kjærleik, Tid, Pengar, Mat og Død. I kvart kapittel introduserer ho oss for kva forsking viser er den beste måten å handtere desse tema på. I tillegg intervjuer ho personar med mykje livserfaring, som har stått i dei større stormane i livet og som har kome levande i frå dei. Boka er humoristisk, rørande, interessant og varm. Den omhandlar tema som me ikkje lærer like mykje om på skulen, -og som det ikkje alltid er like enkelt å google seg til. Denne handboka for vaksne anbefalar eg på det sterkaste å lese.

Til sist må eg sei at for ein Etnesbu, er det misunnelsesverdig mange forfattarar Vindafjord kommune kan skilte med. Anne Gunn Halvorsen, Erika Fatland og Agnes Ravatn. Tre power-kvinner i norsk samtidslitteratur.

Kanskje det ikkje hadde vore så dumt med ei kommunesamanslåing likevel?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s