Ein lite grøn bloggar

Kveldssola skin, eg er lett solbrend etter ein lang dag ute og livet er ganske så fint. Me er på bilferie i Noreg i år, og akkurat no har me første stopp i Valdres, Me har den store luksusen å kunne låne huset på slektsgarden til mannen min for ei veke. Sidan mandag har dagane gått sakte og blitt fylt med boklesing, kaffidrikking, turgåing, trasking i tunet, leiking på låven, rundstykkebakst, samvær med familie me ser for sjeldan og alt anna som er fint.

Det har vore ein del fråver her inne dei siste månadane, då me har hatt ein i overkant travel kvardag. Innspurten før somaren er som oftast slik, og resultatet er at ein ikkje berre får dårleg tid, -eg vert også innmari dårleg på grøn kvardag! Sykkel og bein har blitt byta ut med bil så og sei kvar dag og det emballasjefrie prosjektet vart sett på pause etter ein månad. Skiboksen me hadde tenkt å kjøpe brukt, vart hastekjøpt ny, då me innsåg fem minutt før ferieavreise at me ikkje kom oss nokon stad utan. Det var litt av eit sirkus! Det er vanskeleg å ta dei grøne vala i kvardagen når ein har litt høge skuldre. Jaja, ein fattig trøyst er at mesteparten av køyringa er på el. Det er eit år sidan me byta ut dieseldroget med hybridbil. Ei lita oppdatering om dette kjem snart!

No gler eg meg til meir aktivitet her inne. Eg har ein heil del fine og grøne ting eg må ta opp.

Eg ynskjer dykk nydelege somardagar her i frå Valdres! Klem frå Inga

LagreLagre

2 thoughts on “Ein lite grøn bloggar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s