Vår ladbare hybrid

For dei som har lest denne bloggen ei stund, så veit de at me hadde ein VW Passat som var dekka av VW-skandalen. Me leasa bilen i den tru at den skulle ha lågare utslepp «på grunn av ein ny Blue Motion-teknologi», men det viste seg å ikkje stemme. I staden hadde den langt høgare utslepp enn me trudde. I tillegg gjekk me for ein diesel-versjon, då det var i den tida det var anbefalt fordi det skulle vere mindre miljøvenleg. Også dette har blitt motbevist i etterkant.

Då det var tid for å lease ny bil, gjekk me denne gongen for ein Passat GTE, ein ladbar hybrid-bil. Me lurte på om me skulle prøve heilelektrisk denne gongen, men feiga ut då me med jamne mellomrom også køyrer lengre distansar til Sørland og Austland. -Uansett, me er enormt nøgde!

Eg er i overkant oppteken av lokale utslepp såvel som dei globale. Etter å ha studert i Bergen og kjent forureininga i bygryta der på kroppen sjølv, ville eg ha ein bil som køyrte mest mogleg «reint». Mykje av køyringa vår er korte avstandar i byen, og då køyrer me berre på elektrisitet.

Denne Passaten har to motorar. Ein bensinmotor og ein el-motor som avvekslar kvarandre og jobbar saman. Bilen er automatisk innstillt på e-modus, som gjer at den først bruker størsteparten av elektrisiteten før den går over på bensin. Me ladar som oftast på natta, og då er bilen til ei kvar tid fullada. I tillegg kan ein slå på e-modus manuelt når ein køyrer undervegs. Ein har heile tida god oversikt i displayet foran over kor store rekkevidde ein har igjen på el-motoren. Maksimalt kan ein køyre 50 km før elmotoren må ladast att, men av erfaring varierer dette litt ut i frå temperatur og anna. Må ein bruke elektrisitet på oppvarming og liknande i bilen, tapper dette også av el-motoren. På langkøyring stoppar me likevel uansett og har pausar innimellom, og då har me gode erfaringar med å bruke ladestasjonar. Slik kan ein forlenge el-rekkevidden undervegs.

Dei lengste turane me køyrer i kvardagen, er når me med jamne mellomrom reiser til Etne. Det er ein times køyring frå Haugesund. For dykk som er lokalkjende, kjem me til Ølensvåg når me køyrer på el frå Haugesund. Då er ein stor del av turen tilbakelagd.

Bakdelen med denne hybriden, er at den har større utslepp når den brukar bensin-motoren, enn ein vanleg Passat med bensinmotor. Men me prøver som sagt å begrense bensin-køyringa ved å lade ofte.

Eg er ikkje den mest bilkyndige personen, men må seie at eg ikkje merkar skilnad mellom å køyre hybrid-Passat og vanleg Passat. Det må vere ein god konklusjon! Likevel ser me at me på sikt kan klare oss med ein heilelektrisk bil, då teknologien og rekkevidden på dei berre blir betre og betre.

Det er deilig å vete at ein ikkje bidrar til å redusere luftkvaliteten i Haugesund når me må velje bil foran beina og sykkel. I tillegg bruker me langt mindre pengar på drivstoff, noko som også er eit fint økonomisk argument for å velje grønt i bilvegen. Det er herleg!

(Alle illustrasjonsbileta er henta frå vw.no)

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s