Fri vilje?

Arv og Miljø av Vigdis Hjorth har vore den store somarboka for mange denne somaren. Den står på leselista mi også, og eg har fulgt spent med på debatten om det å bruke reelle personar og hendingar i forteljinga, -for så å skjule det bak romansjangeren for å unngå juridisk krøll. Vigdis Hjorth har vore klar på at ho har skreve om eigne opplevingar, men at boka skal lesast som fiksjon. Likevel er fleire av skildringane i boka så identiske med røynda (som seremoniprogrammet under faren sin begravelse som Aftenposten påpeika), at det skal vere vanskeleg å unngå å lese deler av boka som ein biografi. I boka kjem ho med fleire grove skuldingar, som at faren forgreip seg på ho då ho var lita. Dette har ført til stor debatt rundt «røyndomslitteraturen».

I midten av denne veka kom bomba om at systra til Vigdis Hjorth, Helga Hjorth, har skreve eit motsvar i form av boka Fri Vilje. Det hadde ikkje vore annonsert på førehand at boka skulle komme, ei heller stod den på haustlista til Kagge Forlag. Boka var skreve i skjul, som eit forsvar for foreldra og familie som ikkje kom like godt ut i Arv og Miljø. Dette var ei interessant og frisk vending.

Eg har aldri likt røyndomslitteraturen. Då Knausgård kom med sin Min Kamp, tok eg raskt eit standpunkt mot i debatten. Eg likte ikkje måten han brukte nær familie som karakterar i romanprosjektet. Det er klårt, -alle sit med si historie, si oppleving av relasjonar og levd liv. Forfattaren skal vere fri og det er umogleg å unngå å hente inspirasjon i eige liv når ein skriv skjønnlitteratur. Likevel er det vanskeleg for andre å forsvare sine opplevingar og sine sider av saka, når eit familiemedlem vel å utgje sine subjektive opplevingar i bokform.

Kanskje er grunnen til at eg så raskt tok eit slikt standpunkt, farga av at me kvar somar er på besøk på hytta til «onkel Gunnar», og at me er nære vener med ein som deler besteforeldre med Knausgård. Det har vore lett å sette seg inn i ubehaget med å få skreve si eige og sine næraste historie av ein annan. Ikkje minst at ein kjenner raskt på avmakta, når ein profesjonell forfattar med eit forlagshus i ryggen, sit på andre sida av bordet.

Eg kan skjøne at det kan vere freistande å nytte eige liv, -eller opplevinga av eige liv, når ein skal skrive eit litterært verk. Likevel skal ein vere audmjuk for at romanforma er sterkt krutt, som det er vanskeleg for andre å forsvare seg mot.

Kanskje set Helga Hjorth si roman ein støkk i forfattar-Noreg og byr på eit tilbakeslag for røyndomslitteraturen. Kanskje vil den oppvigle fleire til å skrive om seg og sine. Eg håpar den vil føre til ein meir moderat røyndomslitteratur, der enkeltindividet blir meir verna.

Kva tenkjer dykk? Har de lest Vigdis Hjorth og/eller Knausgård og tenkt over dette? Har de kanskje til og med rukke å lese Fri Vilje? Har forfattarane som skriv «røyndomslitteraturen» gått over streken, eller gir dei viktige bidrag til samtidslitteraturen?

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

2 thoughts on “Fri vilje?

  1. Hei! Det er gode tanker du deler her. Jeg har lest arv og miljø i sommer og syns den var god, jeg liker veldig godt Vigdis Hjort sin måte å skrive på. Jeg hadde ikke helt fått med meg at boken inkluderte egne opplevelser før etter jeg hadde lest den, usikker på hvordan jeg klarte det nå, har jeg bodd under en stein siste halvår? Uansett, jeg syns også røyndomslitteratur er en komplisert greie, om jeg ser for meg at noen i min omgangskrets hadde skrevet bok med meg som karakter får jeg klump i magen. Jeg tror ikke jeg skal lese Fri vilje, selv om en del av meg har lyst, så har jeg egentlig ikke så lyst å surre meg inn i andres familiekonflikter. Vi får se.

    Ha en god helg!

    1. Takk for innspel! Eg er veldig enig med deg. Det har nok mykje å sei for leseopplevinga om ein veit at det er basert på forfattaren sitt liv eller ei, når ein les boka. Eg er veldig glad i Vigdis Hjorth sine bøker elles, då ho er utruleg flink til å skildre menneske og lage store forteljingar om kvardagsmenneske sine liv. Ha ein fin kveld!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s