Tante (miljøvenleg) Pose

Dei siste vekene har eg fått heim nokre fine saker som gjer hushaldet pittelitt grønare.

Først ut er det fine og nye handlenettet! Til no har me brukt nokre handlenett frå den tidlegare jobben til mannen. Me fekk ei stor budde då han jobba der. Dei har vore hyppig i bruk, som handlenett, til treningstøy, til papiravfall, som alternativ oppbevaring av alt og ingenting når me er på bilferie etc. Dei har blitt brukt til alt, -og no har dei byrja å gå i oppløysing ein etter ein.

Det var difor på tide å kike etter nye handlenett. Eg tenkte først eg skulle sy nokre sjølve i kanvas, for å få dei så robuste som eg ville. Dei skal gjerne brukast til å bære mjølkekartongar, flasker og liknande i, så då bør dei tåle litt. Eg fann ikkje eigna stoff nokon stad (men gi gjerne beskjed om du veit kor eg kan finne!). I staden kom eg over desse fine handlenetta i voksa kanvas på Etsy! Eg bestilte eit heim, og det tåler enormt mykje. Eg treng fleire!

Bakdelen med å bruke handlenett, er at ein titt og ofte går tom for plastposar til restavfallet. Desse posane frå Maistic er like store som vanlege handleposar, tåler ein del vekt og er fri for plast! Dei er rett og slett laga av mais og er ikkje farlege for miljøet når dei går i oppløysing. Rett nok vert restavfallet i Noreg brent og det hamnar ikkje i jorda, men eg tenkjer at dess færre plastpartiklar og avgassar me sprer, dess betre er det for miljøet. Avfallsposane fann eg hjå Agent M.

Ha ein fin kveld!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s