Hausting på andelsbruket

På veg heim frå fjellet i går, var eg og systra mi innom andelsbruket i Etne, for å hauste litt. At det har blitt noko ut av dyrkinga i år, er i det heile tatt eit under! Store mengder nedbør og kjølige temperaturar har gjort at mykje av avlinga i distriktet er sein.

 

Likevel vart kassen me hadde med oss fylt opp med mykje godt. Salat, poteter, lauk, neper, raudbetar, og tomater.Tomatene har vokst i ein såkalla «drivhustunnel». Tomatplantene har blitt store og frodige, og det heng klasar med flotte, raude tomater på dei. Dei andre grønsakene er også fine, medan gulrøtene og dei andre rotgrønsakene skal få lov til å vekse litt til før me haustar meir om nokre veker. Gulrøtene eg tok med i går var skikkeleg søte, både på utsjånad og smak. Dei skal ovnsbakast heile, -om dei ikkje forsvinn som snacks før den tid.

Det er skikkeleg luksus å få gå og hauste grønsaker til middagane den komande veka, rett før ein set seg i bilen på veg heim på søndagskvelden. Ein nydeleg stad og eit flott tiltak me gjerne vil vere med på også i neste runde.

Me har hatt ei nydeleg helg og har gjort noko me burde gjort utruleg mykje oftare. Det kjem i ein annan post.

Ha ein flott måndag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s