For ei tid tilbake var eg på eit skikkeleg fint bakgårdssal hjå ei venninne som skal flytte inn i nytt hus. Eg elskar bakgårdssal og syns folk burde drive med det i mykje større grad. Utsegnet «nokon sin gråstein er andre sitt gull», stemmer gong på gong. Eg kom heim med mange fine plagg, mellom anna ei nydeleg babybukse frå Lillelam.
Buksa vart gitt vidare i gåve, til ein liten baby som nett kom til verda. For nokre år sidan hadde eg aldri funne på å gi brukte gåver til nokon, men no syns eg det er heilt greit og eigentleg litt koseleg.

Kva syns du? Er det innafor å gi brukte gåver, eller er det litt smårart?
Jeg syns brukte gaver kan være kjempefint, og har lyst til å bli mye flinkere til å gi det selv! Foreløpig er jeg altfor dårlig til det, men øver meg på å bli flinkere.
Så bra me tenker likt! Så lenge det er reint og heilt, er det berre hyggeleg at ting kan vandre vidare. 🙂