OrganiCup

Visste du at kvinnene i verda bruker i snitt 11 000 bind og tampongar i løpet av eit liv? Det er hinsides mykje avfall. Med omsyn til at produksjonen av desse varene også fører til store utslepp, hadde det vore fint å kunne kutte det heilt, ikkje sant?

Eg har det siste halvåret prøvd OrganiCup, ein såkalla menskopp. Eg har visst om menskopp i fleire år, men har vegra meg litt for å bruke det. Ikkje veit eg heilt kvifor, -og ihvertfall ikkje etter å ha prøvd det i praksis.

Å bruke Organicup føles tryggare, meir hygienisk og er langt meir komfortabelt enn å bruke bind eller tampong. Koppen er enkel å bruke og det einaste «aberet», er at du kan gløyme ut at du har den i. Set du den inn på rett vis, kjenner du ikkje at den er der. Koppen er laga av allergivenleg silikon og varer i opp til fem år.

Ein kan ha koppen i i 8-12 timar om gongen. Det mjuke materialet gjer at koppen former seg etter kroppen og du kan drive yoga, springe, hoppe, svømme og danse utan at det er eit problem. Koppen kjem i to størrelsar, ein for dei som ikkje har født vaginalt (str. A) og ein for dei som har født vaginalt (str. B). Det einaste du må passe på, er å kvar periode sterilisere den i kokande vatn før du tek den i bruk. Under perioden, skyller du den berre godt under springen når du har tømt den, før du set den inn igjen.

Når du skal bruke den, folder du den saman som på biletet under, og set den inn. Når du skal ta den ut igjen, trekk du berre i enden. Fleire tips til korleis du skal sette den rett på plass og andre ting det er nyttig å vete om, finn du her.

Menskopp er kort og godt enklare, meir økonomisk og betre for miljøet enn tampongar og bind.

Det er elles ikkje berre OrganiCup som produserer menskopp. Også Mooncup, Divacup og Lunette fører det same konseptet. Eg kjenner fleire som er nøgde brukarar av dei andre merka, men eg har så langt berre testa ut OrganiCup. Eg er utruleg nøgd og kjem til å fortsette med den.

Dette er ikkje spons, men produkt kjøpt for eigne kronasjer. Dette er forresten eit fint gåvetips til dei som har alt! Eg har kjøpt fleire som eg kan gi bort. 

 

Har du nokre erfaringar med menskopp? Har du ikkje prøvd, men lurer på å byrje med det? Fyr laus i kommentarfeltet om du har spørsmål, så skal eg svare så sant eg kan. 😀

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s