Miniferiane er dei beste

Utefrukost med utsikt til eit blikkstille vatn.

Er det ein ting me er dårlege på her heime, så er det å ha barnefri. Me rekna oss fram til at siste døgn utan born var i februar då me var i bryllaup i Oslo. Me byrja å legge grandiose planer om storbyhelg tidlegare i haust, men vekene fyk avgarde og det vert travlare og travlare dess nærare me kjem jul.

Likevel vart det miniferie til slutt! Ein særs spontan og enkel ein, men ikkje mindre luksuriøs. Det skal ikkje mykje til for å gle småbarnsforeldre. Då me for nokre veker såg at det var meldt strålande vêr på Yr.no den komande helga, heiv me oss rundt og booka ungane inn hjå besteforeldra. Me reiste rett opp på hytta til foreldra mine som ligg i Etnefjella.

Utsikt frå kjøkenglaset på morgonkvisten.

Vêl oppe fekk me gått ein lang fjelltur (som me aldri gjer lenger), lest bøker og aviser i ro og mak (som me sjeldan gjer lenger) og sove 11 timar(!) samanhengane gjennom natta (noko som eg ikkje hugsar når skjedde sist). Ein meir luksuriøs ferie kunne me ikkje ha fått, og då 24 timar var gått, sakna me ungane slik at mannen køyrte ned til bygda for å hente dei. Dei måtte også få ein smak av haustfjellet! Det vart ein uhyre kort men særs effektiv miniferie. Denne skal me kan leve lenge på utover hausten!

Me gjekk ut til kanten av Gaddafjellet, der me hadde flott utsikt over Etne medan me rasta.

Etnefjella er forresten ei perle om ein vil ut på tur. Neste somar har eg utruleg lyst til å gå Gullruta til Turistforeningen, frå Simlebu til Olalihytta. Det skal vere ei fantastisk oppleving!

Den fine bloggen Turjenter var på besøk i Etnefjella i 2016, og skreiv eit interessant innlegg med flotte bilete her.

Ha ein flott dag!

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s