Sykkel for bil

I august kjøpte me oss syklar med mål om å ha fleire bilfrie dagar. Slik er status så langt:

August: 7 bilfrie dagar

Syklane kom i hus i midten av månaden, og ei av vekene hadde me besøk frå Tyskland som brukte den eine sykkelen vår. Slik sett er me godt nøgde med 7 dagar.

September: 8 bilfrie dagar

Denne månaden har me køyrt for mykje bil. Målet er å ligge på minimum 10 bilfrie dagar i månaden. Er 1/3 av månaden bilfri, er me kjempenøgde!

Elles har eg brukt sykkelen til og frå jobb kvar dag sidan me fekk syklane i hus. I tillegg har det blitt mykje sykling utanom.

 

5 erfaringar etter 1,5månad som kvardagssyklist 

1. Det finst (nesten) ikkje dårleg vêr

Det ser som oftast ut til å vere dårlegare vêr ute, når du står inne i varmen og kikar ut. Når du først er utandørs, går det meste an! Dei gongene vêret likevel er ille, kjem du langt med gode regnklede.

2. Radiusen for å ferdast utan bil har blitt utvida

No syklar eg over alt. Til handel i byn og på Raglamyr, til Djupadalen, til arrangement på kveldstid i sentrum, til mathandel, til venninner som bur på andre sida av byen. Er det for langt å gå, vel eg heller sykkel foran bil.

3. Ein blir gladare og i betre form

Å sykle til jobb, til butikken, til konsert etc. er gratis trening! Å trekke ei sykkelvogn fullasta med handleposar, kan vere heilt på nivå med ein spinningtime. Grunnformen er blitt merkbart betre etter at eg byrja å sykle meir. Eg kjenner meg meir vaken då eg får meir frisk luft og dagslys, og det får ein igjen mykje endorfiner av.

4. Haugesund sentrum har komt nærare

Me bur midt mellom sentrumskjerna og kjøpesenterområdet Raglamyr. Då me har hatt ærend i butikkar tidlegare, har det ofte vore enklast å ta bilen til Raglamyr. Kort veg med bil og gode parkeringsmoglegheiter, har trumfa få parkeringsplasser i sentrum og «tråklete» veg. Etter at me fekk syklane, har vegen til sentrum blitt mykje kortare. Å hive seg på sykkelen og trå ned til sentrumsbutikkane, er lettvint, effektivt og beint fram triveleg. Ein slepp og å tenke på parkeringsplass og parkeringsavgift. Dette har gjort at eg den siste månaden stort sett har handla i sentrum, og brukt sykkelen som framkomstmiddel.

Mange har vore skeptiske til sykkelvegen i Skjoldavegen, og å legge meir til rette for sykkel enn bil, samstundes som dei ynskjer meir handel i sentrum. (Den syltynne) empirien min viser at ein bruker sentrumsbutikkane i større grad som syklist, enn som bilist!

5. Det er utfordrande å vere kul, kontinental syklist i Haugesund

Så var det dette med stil. Sjølv om ein kunne tenkje seg å sjå ut som ein avslappa og kul københavner på hjul, ender ein opp med å sjå rimeleg, tja …. norsk ut. Dropp stil, kryp til korset og skaff deg ei regnbukse, ein god hjelm og refleksvest med ein gong. Me bur i Noreg. Landet med regn, snø, stiv kuling og minusgrader på ein gong. Kul kan ein sjå ut når ein kjem fram!

 

Ha ein flott dag, -med eller utan sykkel!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagreLagreLagreLagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s