Kva me kan gjere for insektene

Sidan 1990 har ei gruppe tyske forskarar kartlagd insektbestanden i 63 naturreservat i Tyskland. No viser funna deira at i løpet av denne tida, har bestanden sunke med 75%. Det er alarmerande tal. Måten me nytter areala våre på i Europa får mykje av skulda. Asfaltering og industrielt landbruk der ein tek i bruk store landområde, reduserer livsgrunnlaget for insekta. I tillegg er bruken av sprøytemiddel også framheva som ein av dei store grunnane.

Så kvifor er det så farleg med insekta? Mat må me jo dyrke? -Og om ein ikkje bruker sprøytemiddel, kan vel vinninga gå opp i spinninga ved at insekt me ikkje ynskjer i åkrane, kjem og øydelegg alt? Så enkelt er det ikkje. Insekta er sjølve navet i økosystemet vårt, der dei sørger for pollinering, frakting av frø, nedbryting av organisk material med meir. Insekta er kort og godt kjempe viktige  for at me skal kunne produsere mat. Ei verd utan insekt tør ikkje forskarane tenkje på.

Så kva kan me gjere med dette? Først og fremst er dette ei oppgåve for europeiske politikarar og byråkratar, då det er dei som kan gjere dei største tiltaka. Likevel kan me alle gjere litt, og om alle gjer litt, ja då kan me flytte fjell!

Her er kva me kan gjere for insektbestanden rundt oss:

Dropp eller reduser bruk av sprøytemiddel i hagen og åkeren.

Tips til kva du heller kan ty til, finn du her:

Plant insektvenlege planter og blomar.

Om du ikkje har ein hage, fyll krukker på terrassen eller balkongkassen med blomar som humler og andre insekt likar. Kanskje har sameiget eller velforeningen din eit uteareal kor ein kan få lov til plante insektvenlege planter? Det er mange stader ein finn tomme areal med berre grasplenar, som kunne gjort større nytte, -og sett enda flottare ut! Oversikt over insektvenlege planter og andre tips, finn du her:

Lag ein humlekasse.

Tilgongen til stader ein kan bygge bol, er mindre for humlene i dag. Difor er det fint å bygge små hotell til dei som gjer det lettare for dei å gjere jobben sin. Her finn du nokre fine artiklar og oppskrifter til dette:

Håpar du fekk nokre tips til kva ein kan gjere når våren er her igjen om nokre månadar. Eg er sikker på at me kan gjere store skilnadar om alle gjer litt. Kom gjerne med tips i kommentarfeltet om du har erfaring med blomar som insektene likar ekstra godt. Ha ein strålande dag!

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s