Mat for sjela

Det er innmari lenge sidan eg har posta litt mat for sjela, så her kjem fem høgdepunkt frå veka som gjekk.

Minidokumentaren Divided Island: How Haiti and the DR became two worlds

Denne dokumentaren er produsert av Vox Borders, og er å finne på YouTube. Den prøver å gi ei forklaring på kvifor dei to nabolanda Haiti og den Dominikanske rebublikken (som deler den same øya) har fått to veldig ulike skjebner. Veldig spanande og interessant om korleis tidlegare kolonimakter sine val, framleis har stor påverknad på livet i dei to landa i dag.

Rosa sløyfe-løpet i Haugesund

Tenk at heile 1018 deltakarar stilte opp for å springe løypa på ein onsdagskveld i Vangen! Det var fantastisk god stemning og nydeleg haustvêr. Det var kjekt å springe løp igjen, og særleg når det er for ei så god sak. Eg håpar dette løpet er kome for å bli.

Jesus Christ Superstar av Haugesund teater

Akkurat her veit eg ikkje heilt kva eg skal skrive. Eg er nesten litt tom for ord. Det vart den største kulturopplevinga eg har hatt på lenge. Fantastiske skodespelarar med sterke vokalprestasjonar, spanande kulisser og ein regi utan dødpunkt, gjorde det til ein kveld eg seint vil gløyme. Gå før det vert tatt av programmet!

Morgenbladet i postkassa

Kvar gong eg takkar ja til eit trevekers prøveabonnement, slår det meg kor mykje eg saknar å lese det kvar fredag. Eg føler meg rett og slett litt meir intelligent kvar gong eg har lest avisa. Den er eit nydeleg avbrekk frå tabloide overskrifter og kjappis-lesinga mi på nettavisene.

Rosenkål

Rosenkålen byrjar endeleg å kike fram på Rygg. Dei er små, men skal få stå lengre i håp om at dei vert større. Små nydelege underverk som er fascinerande å sjå på, -og som smakar nydeleg dampa saman med litt språsteikt bacon.

Ha ein nydeleg kveld! Her er spysjuka i hus. Eg kryssar fingrar for at den ikkje vandrar vidare til resten av familien!

Inga 🙂

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s