Müslimuffins

Forrige veke kom eg i skade for å sei at «nei, no har ikkje ungane vore sjuke i sidan i vår». Kva skjedde? Jo, denne veka enda med sjukdom på begge. Det slår aldri feil. I tillegg er det noko seige greier, som har slått ut store deler av barnehagen.

I går var me heime på tredje dagen, og tålmodigheten byrja å skrante både hjå born og vaksne. «Å vere heime er mykje meir keisamt å vere i barnehagen», hevda treåringen. Då måtte me heve nivået på underhaldninga litt. Det vart baking.

Ofte når eg bakar, held eg meg ikkje til oppskrifta og eg tar det eg har. Det kan få litt ulike utfall, men denne gongen gjekk det så bra, at eg må dele oppskrifta.

Tanken var å lage muffins, men då me ikkje hadde former, enda eg opp med å bruke nokre små silikonformer eg kjøpte til eit sjokoladeprosjekt ein gong. Resultatet vart søte minimuffins som fungerer like bra heime på ein sjukedag, som ute på tur. Då det er ein del smør i dei, smakar dei litt Brioche-aktige, -og det er aldri feil.

Müslimuffins (ca 20 minimuffins)
  • 100 g smør
  • 2 egg
  • 1-2 modne bananer*
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver
  • 1 dl müsli**

Smelt og avkjøl smøret. Mos bananene og bland dei saman med egg og smør. Etter det tilsetter du resten av ingrediensene men spar 1/3 av müslien. Bland røra og hell i muffinsformer. Strø resten av müslien på toppen.

Steik på 225 grader i 12-15 minutt. Server når dei er litt avkjølt, eller frys dei ned til ei hyggestund seinare.

*Eg brukte 1 banan pluss ei halveten ei som ingen ville ha. Ein kan smugle mange restar inn i ei muffinsrøre.

**Eg hadde ein rest med Axa sin blåbærmüsli i skapet. Den var veldig god i røra!

Server med eit glas iskald mjølk og ein gamal slager som Doktor Dyregod, -eventuelt Hakkebakkeskogen på tv for n’te gong.

Ha ein flott dag!

Inga 😀

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

2 thoughts on “Müslimuffins

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s