Grøn mat for sjela i oktober

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Brått er november her. Det er lenge sidan eg laga ei liste over grøne og fine ting frå ein månad. Det må difor til. Det betyr ikkje at eg berre har gjort miljøvenlege val heile månaden. Ikkje i det heile tatt. Men eg er overbevist at om me fokuserer på dei miljøvenlege vala me får til, -og gler oss over dei, vert det enda lettare å ta miljøvenlege val ved neste korsveg. Skippa du fancy middag til fordel for å ete middagsrestar som eigentleg skulle bli kasta? Då er sannsynet for at du gjer det igjen, høgare. Lot du bilen stå til fordel for å bruke beina eller sykkel til jobb? Då er det lettare å gjere det neste dag også. Er du enig?

Her er nokre grøne fine ting frå oktober:

Bruktkjøp av køyeseng

Me trengte ny seng til ungane, og fekk tak i ei flott køyeseng med madrasser her i Haugesund, via Finn. Hurra! Meir om dette i eit eige innlegg.

Bruktkjøp av klede til eldstemann

Å kjøpe klespakkar til ungar på kjøp-og-sal-sida til Haugesund og omegn, er gull verdt. Du får gjerne fleire plagg til prisen av eit, i rett størrrelse og pent brukt. Her vart det både ny boblejakke, genser og nok ei dongeribukse. Det siste er sårt tiltrengt, då det vert hol på kneet etter kort tid på dei fleste buksene.

Resirkulering av matrestar i vinduskarmen.

Purre- og vårlaukstubbar vert som nye når ein set dei i vatn. Dette artige prosjektet ser ut til å bli særs vellukka, og no skal eg teste ut salat også.

Spontan strandrydding

Me fekk til ei lita strandrydding på Hamresanden i haustferien. Det var fint å gjere eit lite tiltak for somarferiestranda vår.

Resirkulerbar gåver til bursdagsborn

Minstemann fekk ei resirkulerbar gåve til bursdagen, med høg sjarmfaktor.

Boka eg alltid har sakna

Eg fann boka eg alltid har sakna, på biblioteket i Haugesund. Leseverdig om sjølvdyrking og alt anna som skal til for å bli sjølvhjulpen.

Kortreist lam i fryseboksen

Me fekk levert eit lam frå andelsbruket me er del av. Lammet har tusla rundt i Etnefjella i somar, og no fekk me det ferdig partert. Når ein først skal ete kjøt, er det fint å vete at dyret har hatt det som plomma i egget.

Fin fiksedag

Fiksedagen på Gamle slaktehuset var veldig kjekk og interessant!

Fly-fri haustferie i utlandet

Me droppa flyferie og reiste i staden på ferie til Danmark med bil og båt. Det var minst like kjekt!

Vekeshandel som reduserer matavfallet vårt betrakteleg.

Me har kome i gong med vekeshandel igjen, og det har stor effekt på matsvinnet.

…så ei av sakene eg ikkje har fått til.

Sykkel for bil

Denne månaden har det vore skikkeleg vanskeleg! Eg har sykla til jobb kvar dag, men bilen har likevel blitt brukt særs ofte. Det er rart med det. Nokre vanar er vanskelegare å vende.

No bur me oss på vintersykling. Syklane skal utstyrast med vinterdekk, så håpar me at november blir ein betre månad.

IMG_20171101_104354_433.jpg

Kva grøne val har du tatt denne månaden? Er det noko som har vore skikkeleg vanskeleg å få til? Del gjerne i kommentarfeltet. Det er så kjekt å høyre om kva andre gjer!

Ha ein fin dag!

Inga

Lyst til å få nye innlegg rett i Facebook-feeden? Følg meg gjerne her på Facebook!

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s