Første sy-om-prosjekt

Til tredveårsdagen min i fjor fekk eg noko eg har ynskt meg lenge, nemleg ein symaskin! Likevel har den blitt ståande litt, då eg har kjent på nesten litt ærefrykt. Kor skal eg byrje? Eg som såvidt kan tre symaskina? Ein kveld tidleg i somar fekk eg likevel anden over meg, og gjorde eit lite sy-om-prosjekt. Ei denimskjorte som mannen min hadde slete ut, vart klipt opp og sydd om til ein somarkjole til toåringen.

Overdelen på kjolen vart sydd saman av to stykker, som eg hadde klypt ut av forstykket og bakstykket på skjorta. Eg brukte forstykket på skjorta som bakstykke på kjolen, og bakstykket på skjorta vart til eit forstykke. Då kunne eg bruke knappane som opning bak. Som skjørt klypte eg opp strimler av ermene på skjorta, og sydde rysjer lag på lag. Eg hadde ikkje noko mønster, men brukte ein kjole ho allereie hadde som mål. Det vart veldig på augemål og sydd på gefühlen, så resultatet vart skeive saumar og mange andre feil. Likevel fall kjolen i smak hjå ho som fekk den, og eg hadde det utruleg kjekt i prosessen!

No har eg fulgt med på Symesterskapet på Nrk, og lysta til å sy meir har ikkje akkurat blitt mindre. Deltakarane er så fantastisk dyktige, og nokre har berre sydd eit til to år. Det er utruleg imponerande! Det hadde vore veldig gøy å kunne sy eigne plagg. -Mest for miljøet sin del, -men også fordi det er fleire plagg eg gjerne skulle hatt, men som eg ikkje finn i butikkane. No har eg bestilt nokre mønster frå Stoff og Stil og har fleire syprosjekt oppi hovudet. Eg er spent på om det blir bra, og forhåpentlegvis blir det mykje redesign på vegen.

For meir syinspirasjon må eg anbefale bloggane til nokre av dei som er med i Symesterskapet.  Brage sin blogg har eg nemnt tidlegare, men i tillegg er Ingrid B. sin blogg full med tips og gode idear.

Gi gjerne ein lyd i kommentarfeltet om du syr sjølv og har nokre gode råd!

Inga 🙂

LagreLagre

LagreLagreLagreLagre

2 thoughts on “Første sy-om-prosjekt

  1. Den ble jo utrolig fin og litt skeive sømmer er bare sjarm! 🤗 Uansett så blir du dyktig til slutt når skapergleden er stor! ☺️

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s