Gjenbrukskunst

Her har me hatt full bursdagshelg for fireåringen, og det har vore topp! Barnebursdag og familiebursdag med pølser, kake, fiskedam og hyppige kostymeskift. Det beste av alt, er å få vere saman med så mange fine folk på ein gong.

Innimellom slaga sette me i gong med eit lite gjenbruksprosjekt. Me har fleire biletlerret frå Ikea som me kjøpte då me var studentar i Bergen. Det er ikkje alle som er like fine lenger, så dei har blitt ståande i boden. I helga fann eg fram det eine, og sette minstemann i gong til å male på det. Eg hjalp til med litt grunning, men elles laga eg klattar med maling så ho kunne dra utover. Ho byrja med pensel, men droppa det raskt då det var mykje meir morosamt å grise med hendene.

Resultatet vart ekte samtidskunst, malt utan hemningar. Har du i tillegg plukka ut fargane på førehand (det er heilt lov), får du raskt noko du kan tenkje deg å henge opp på veggen.

Altså, ikkje kast dei gamle IKEA-bileta dine. Bruk dei heller som grunnlag for nye verk. Skulle du gjerne hatt store lerret å male på, men ikkje har gamle ståande, ligg det mange ute på Finn.no som ein kan male over.

Heldigvis er «samtidskunst» eit raust begrep. Om ein ikkje tek seg sjølv så høgtideleg, er det mykje ein kan kalle kunst. Mal til dømes lerretet i ein farge med ein tilfeldig prikk ein stad. Kall det «Einsemd», «Panama Papers», «Harvey Weinstein» eller noko anna rart. Då er du i mål.

Tykkjer du innlegga på Notisboka kjem litt i rykk og napp når det er rettesesong? Følg bloggen på Facebook, så får du nye innlegg rett i feeden.

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

2 thoughts on “Gjenbrukskunst

  1. Eg saknar ein like-knapp på denne bloggen. Eg likar jo alle innlegga, og blir like glad kvar gong det kjem nytt. Hurra for notisboka, samtidskunst og miljømedvit!

    1. Gode Silje! Takk for så fine ord! Ein kan «like» innlegga om ein har ein WordPress-brukar sjølv, men elles er det berre å «like» i veg på lenkane på Facebook. Ha ein strålande kveld!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s