I sesong i november

Om me vil handle litt ekstra bærekraftig, følger me sesongen og kjøper norsk. Norsk frukt og grønsaker er kortreiste, og det som er i sesong, har ført til lågare Co2-utslepp enn det som vert dyrka i store oppvarma drivhus. At grønsakene er i sesong, betyr ikkje nødvendigvis at dei vart plukka opp av jorda i går. Då til dømes rotgrønsakene er så lagringsdyktige, er dei like fine og næringsrike som då dei vart hausta. Dette fører til at sjølv om me er i november, er det mykje deilig å ete!

Norsk i november

Grønsaker: kinakål, grønkål, hovudkål, raudkål, kålrot, stangselleri, purre, blomkål, rosenkål, gulrot, sellerirot, pastinakk, pepperrot, jordskokk, raudlauk, gul lauk, sjalottlauk, poteter og neper.

Frukt: eple

Import i sesong

Elles er det ein heil del som ikkje kan dyrkast i Noreg, men som likevel smakar best (og er mest miljøvenleg) i sesong. Eg har difor tatt med den frukten som berre vert importert, og som er i sesong akkurat no. Det er appelsiner, grapefrukt, klementiner, sitron og kiwi.

Dette er med andre ord tida for å komme i julestemning med klementiner, dra på årets første skitur med appelsin, lage middagar med ovnsbakte grønsaker eller å servere stangselleri og gulrot med ein deilig dip. Moglegheitene er uendelege!

Ha ein fin kveld!

Inga 🙂

LagreLagre

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s