Julekalenderen 2017

Eg har i heile haust tenkt at det hadde vore hyggeleg å ha ein julekalender på bloggen, men har vore litt usikker på kva det skulle vere.

Føremålet med denne bloggen er jo å bli litt klokare på kva me kan gjere for å leve litt meir miljøvenleg. Ein treng ikkje vere Frederic Hauge eller Nina Jensen for å vere miljøvernar. Du og eg er også miljøvernarar når me resirkulerer avfallet vårt, vel sykkel foran bil, vel å handle brukt, kjøper færre nye ting og fokuserer på kvalitet i staden for mange ting av dårleg kvalitet.

Samstundes er det som Bjørn Hallvard Samset hjå klimasenteret Cicero sa i dette intervjuet, «gjør for all del noe, og rop høyt om det. Da monner det dobbelt opp».  Ved å snakke om klima, miljø og dei grøne (og ikkje fullt så grøne) vanene våre, er me med på å inspirere kvarandre til å gjere enda meir!

Som ein julekalender her på bloggen, har eg difor samla 24 kloke, interessante og utruleg kjekke personar frå Haugalandet og Sunnhordland til ein liten førjulsdrøs. Temaet er klima og miljø. Alle har fått dei same spørsmåla, utanom eit som er meir tilpassa den enkelte. Personane har vidt forskjellige bakgrunnar, -frå næringsliv til kultur og politikk. Om du bur i regionen sjølv, vil du nok kjenne igjen dei fleste ansikta. Er du ikkje her i frå, trur eg nok du kjenner nokre av dei likevel!

Kva er det desse folka er gode på når det kjem til miljø? Kva er dei dårlege på? Kven tykkjer dei er Noregs mest inspirerande person når det kjem til klima og miljø? -Og kan dei bidra til det grøne skiftet gjennom jobben sin? Desse spørsmåla og fleire til, skal me få svar på no fram mot jul.

-Er du klar for å bli inspirert, litt klokare og kanskje til og med komme litt i julestemning? Følg med! I morgon brakar det laus.

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

LagreLagre

2 thoughts on “Julekalenderen 2017

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s